Per Arne Dahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Arne Dahl

Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. august 1950 (73 år)
Sarpsborg kommune
Yrke prest
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Per Arne Dahl på Commons

Per Arne Dahl (fødd 18. august 1950) er ein norsk forfattar, prest og tidlegare biskop i Den norske kyrkja.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Dahl vart fødd i Sarpsborg og voks opp på Gjøvik, Vålerenga i Oslo og Kolbotn. Han utdanna seg til cand. theol. ved Det teologiske Menighetsfakultet i 1974, og vart ordinert som prest i 1975.[1]

Virke[endre | endre wikiteksten]

Prest og biskop[endre | endre wikiteksten]

Frå 1980 leia Dahl Institutt for Sjelesorg. Frå 1995 var han leiar for Samlivssenteret Modum Bad.[1] Han vart kyrkjelydsprest i Åmot i 2000, og vart sentrumsprest ved Trefoldighetskyrkja i Oslo i 2006.[1] Her hadde han òg ansvaret for prestetenesta på Stortinget. Han vart fast tilsett som stortingsprest i 2009. Frå 2013 var han domkyrkjeprest i Oslo.[1]

Dahl har vore nominert ved fleire bispeval i Den norske kyrkja. Han fråsa seg nominasjon ved bispeutnemningane i Oslo og Borg i 2005. Den 12. mars 2014 vart Dahl vald til å etterfølgje Laila Riksaasen Dahl som biskop av Tunsberg. Han vart vigsla som biskop 21. september 2014 og gjekk av i august 2018.[2][3][4]

Forfattar og debattant[endre | endre wikiteksten]

I 2003 vart Dahl utnemnd til statsstipendiat med verknad frå 2004. Ved kunngjeringa vart det peika på at han med det allsidige virket sitt har vore med å sprengje grenser når det gjeld kommunikasjon mellom kyrkje og folk. I 1999 fekk han Petter Dass-prisen for arbeid med å formidle tru og verdiar i skrift og tale.

Dahl har skrive ei rekkje bøker. Per Arne Dahl er òg kjent for eit mangeårig engasjement som spaltist i Aftenposten si søndagsutgåve saman med teiknaren Ulf Aas. Han har dessutan vorte brukt flittig som andaktshaldar i NRK, og vore engasjert i sjelesorg og krisar. Han var òg medem av Verdikommisjonen som Regjeringa Bondevik oppnemnde.

Han er gift med Anne Dahl, som òg er teolog og familieterapeut.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Elstad, Hallgeir (22. august 2023). «Per Arne Dahl». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. Per Arne Dahl går av som biskop - kirken.no 22. januar 2018
  3. Jan Otto Myrseth: Per Arne Dahl 70 år - Gratulere med dagen - jarlsbergavis.no 18. august 2020
  4. Per Arne Dahl 70 år - omtale i Aftenposten 18. august 2020
  • «Per Arne Dahl» Omsett frå Wikipedia på bokmål, innhenta 4. januar 2010.
  • Knut Olav Åmås [red.]: «Dahl, Per Arne» av Gunn Hild Lem i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Biskopar i Den norske kyrkja
Preses: Olav Fykse Tveit  | Agder og Telemark: Stein Reinertsen | Bjørgvin: Ragnhild Jepsen | Borg: Kari Mangrud Alvsvåg | Hamar: Ole Kristian Bonden | Møre: Ingeborg Midttømme | Nidaros: Herborg Finnset | Nord-Hålogaland: Olav Øygard | Oslo: Kari Veiteberg | Stavanger: Anne Lise Ådnøy | Sør-Hålogaland: Svein Valle | Tunsberg: Jan Otto Myrseth