Per Arne Olsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Arne Lodding Olsen (fødd 21. februar 1961 i Tønsberg, Vestfold) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han vart valt inn på Stortinget frå Vestfold fylke i 2009, er andre nestleiar i partiet og har vore ordførar i Tønsberg kommune frå 2003 til 2009.
På Stortinget er Olsen medlem av helse- og omsorgskomiteen og av valkomiteen.
Olsen overtok som andre nestformann i sentralstyret i partiet etter John Alvheim. Han var varamedlem i Kringkastingsrådet frå 1998 til 2009 og medlem i styret for Folketrygdfondet frå 1992 til 2009.
Per Arne Olsen har mellom anna jobba som kontorsjef ved hovudkontoret til Framstegspartiet i Oslo og som generalsekretær i Framstegspartiet sin Ungdom.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Per Arne Olsen hos Stortinget
- Artiklar med «Per Arne Olsen» i regionavisa Tønsbergs Blads arkiv
- Kommentar fra www.liberaleren.no 2005 om Olsen som «Hagens liberalist»
- FrP.no - kandidatside for Stortingsvalget 2009