Per Christian Hemmer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Christian Hemmer

Fødd14. mai 1933
Død5. februar 2022
NasjonalitetNoreg
Yrkefysikar
InstitusjonarNoregs tekniske høgskole
Alma materNoregs tekniske høgskole
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Norges Tekniske Vitenskapsakademi
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Norsk Fysisk Selskap

Per Christian Møller Hemmer (fødd 14. mai 1933Tromøy) er ein norsk fysikar som er ekspert på statistisk fysikk, spesielt utrekningar av tilstandslikningar for klassiske og kvantemekaniske system, polymerfysikk og halvleiarfysikk.[1] Han studerte fysikk ved NTH i Trondheim og fekk sin siv.ing. i 1956 med særdeles tilfredsstillande (1.0), og sin dr.techn. i 1959. Etter mellom anna forskaropphald ved Københavns Universitet og Rockefeller University, vart han i 1966 innvald i både Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab som held til i Trondheim, såvel som Norges Tekniske Vitenskapsakademi.[2] Han var tilsett som dosent ved NTH 1966–68 og professor i teoretisk fysikk 1969–2003. Ikkje før i 1980 vart han innvald i Det Norske Videnskaps-Akademi. Han er son av Alv Kristiansen (1900–1988) som var disponent og redaktør i Christiansands Tidende, Agderposten og Vestlandske Tidende.[3]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Kvantemekanikk (Tapir forlag) 1.utg. 1980, 2.utg. 1985, 3.utg. 1993, 4.utg. 2000, 5.utg. 2005
  • Statistisk mekanikk (Tapir forlag) 1.utg. 1970, 2.utg. 1990
  • Termisk fysikk (Tapir forlag) 1.utg. 1989, 2.utg. 2002, 3.utg. 2009
  • Varmelære (Tapir forlag) 1.utg. 1967, 2.utg. 1974
  • Faste stoffers fysikk (Tapir forlag) 1987
  • Ikkelineær dynamikk (kompendium) 2003
  • Fysikk i Trondheim gjennom 1000 år (2010). Med Anders Johnsson, Kjell Mork og Ivar Svare

Kjelder[endre | endre wikiteksten]