Per Krohg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Lasson Krohg (18. juni 1889–3. mars 1965) var ein norsk biletkunstnar. Han var son til biletkunstnarane Oda og Christian Krohg, og sjølv var han far til biletkunstnarane Guy Krohg og Morten Krohg.
Per Krohg var fødd i Åsgårdstrand, men familien budde under oppveksten hans i Paris. Han viste store kunstnarlege talent tidleg, og han var elev fyrst hjå far sin frå 1903 til 1907, og frå 1909 til 1910 hjå Henri Matisse. Han vart påverka av kunststraumingane i Paris, og særleg kubismen vart viktig for utviklinga av uttrykksforma hans.
Han har utsmykka mange offentlege bygg med store freskomåleri, mellom anna Tryggingrådet sin sal i SN-bygget i New York, vestibylen i Fysikkbygningen ved Universitetet i Oslo og Oslo rådhus.
Bakgrunnsstoff[endre]
- Galleri ved O.Væring
Denne kunstartikkelen som har med Noreg å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.