Per Olof Sundman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Per Olof Sundman (4. september 19229. oktober 1992) var ein svensk forfattar og politikar (Centerpartiet).

Sundman kom frå Vaxholm. Han debuterte med novellsamlinga Jägarna (1957) og fekk på 1960-talet - også internasjonalt - mykje merksemd som prosaist gjennom romanar som Skytten (1960), Expeditionen (1962) og Ingenjör Andrées luftfärd (1967). Den sistnemde boka fekk han Nordisk Råds litteraturpris for i 1968, og boka vart filmatisert av Jan Troell i 1982 med Max von Sydow og Sverre Anker Ousdal i leiande rollar. (IMDB)

Miljøa i forteljingane til Sundman er ofte prega av det jämtlandske landskapet der han hadde busett seg. Forteljarteknikken hans, med eit stramt, tilbakehaldande, presist språk har vorte jamført med Ernest Hemingway og islendingsogene (Sundmans roman Berättelsen om Såm (1977) byggjer elles på ei islandsk soge frå 900-talet, Soga om Ravnkjell Frøysgode), og er klart i slekt med stilen i den franske nyromanen.

I ungdommen var Sundman medlem i det nazistiske Nordisk Ungdom, noko som ikkje vart offentleg kjend før etter Sundmans død og då gav opphav til ein omfattande debatt. Sundman hadde helde sitt tidlegare, omfattande og audmjuke, engasjement i den nazistiske rørsla hemmeleg for ållmenta i etterkrigstida, og lukkast verte ein politikar med stor innverknad i Centerpartiet. Han var riksdagsrepresentant for dette partiet 1969-79. Om Sundmans relasjon til nazismen og om korleis han seinare tagde om bakgrunnen sin skriv journalisten Per Svensson i si bok Frostviken (Bonniers, 1998).

Også visse motiv og andre drag i Sundmans forfattarskap, mellom anna søkinga som motiv, sentralt i hans verk, like som hans attendevendande interesse for ulækte sår i samfunnet, mellom anna i form av uoppklarte forbrytingar, har i etterhand ofte vorte omtolka biografisk med tilvising til Sundmans bakgrunn.

Sundman dreiv også ei hotellkjede. Han var vidare medlem av Svenska Akademien 1975 - 1992, stol 6.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1957 Jägarna, novellesamling (Norstedt, Stockholm)
  • 1958 Undersökningen (Norstedt, Stockholm)
  • 1960 Skytten (Norstedt, Stockholm)
  • 1961 Levande fjällbygd (Holmens bruk, Norrköping)
  • 1962 Expeditionen (Norstedt, Stockholm)
På norsk:
1966 Ekspedisjonen, omsett av Jan Brodal (Gyldendal Norsk Forlag, Oslo)
  • 1963 Sökarna : nio berättelser (Norstedt, Stockholm)
  • 1965 Två dagar, två nätter (Norstedt, Stockholm)
  • 1967 Trumslagaren (Norstedt, Stockholm)
  • 1967 Ingenjör Andrées luftfärd (Norstedt, Stockholm)
På norsk:
1968 Ingeniør Andrées luftferd, omsett av Jo Ørjasæter (Gyldendal Norsk Forlag, Oslo)
  • 1968 Ingen fruktan, inget hopp : ett collage kring S. A. Andrée, hans följeslagare och hans polarexpedition (Bonniers, Stockholm)
  • 1973 Lofoten, sommar (Norstedt, Stockholm)
På norsk:
1974 Lofoten, sommer, omsett av Jo Ørjasæter (Gyldendal Norsk Forlag, Oslo]
  • 1977 Berättelsen om Såm (Norstedt, Stockholm)
På norsk:
1977 Historien om Såm, omsett av Einar Schøning (Gyldendal Norsk Forlag, Oslo)
  • 1982 Ishav : isbrytaren H.M.S. Ymers färd i polarhavet sommaren 1980 (Norstedt, Stockholm)