Per Sandberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
PSandberg2154 2E jpg DF0000063007.jpg

Per Sandberg (fødd 6. februar 1960 i Levanger) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han har sete på Stortinget for Nord-Trøndelag i periodane 1997–2001 og 2001–2005. Frå 2005 er han valt inn frå Sør-Trøndelag.

Sandberg er frå Levanger i Nord-Trøndelag, der han har sete fleire periodar som kommunestyrerepresentant. Han er transport- og kommunikasjonspolitisk talsmann i FrP og vart den 6. mai 2006 valt til første nestformann i partiet, etter at Siv Jensen tok over som leiar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sandberg har yrkesbakgrunn som prosessoperatør i Norske Skog, og er utdanna innan papirproduksjon og prosesstyring. Han har også vore i FN-teneste i Libanon.[1]

I perioden 1990-1992 var han formann i Levanger FrP, og i periodane 1987-1988 og 1991-1995 styremedlem i lokallaget. Han var organisatorisk nestformann i Nord-Trøndelag FrP frå 1992 til 1994, og fylkessekretær frå 1994 til 1995. I 2000 vart Sandberg fast medlem i Framtegpartiets landsstyre og sentralstyre.

Politisk arbeid[endre | endre wikiteksten]

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Sandbergs politiske hovudfokus har vore samferdselspolitikk, og han lova under valkampen før han vart valt inn på Stortinget at hovudsaka hans vil vere «Samferdsel, Samferdsel og Samferdsel». Som samferdselspolitikar har Sandberg mellom anna føreslått å skilje ut løyve til hovudstadsområdet frå Nasjonal transportplan og heller løyve pengar til vegutbygging i Oslo og Akershus direkte over statsbudsjettet. Pengane til vegutbygginga vil han ta frå oljefondet, gjennom løysninga til FrP med eit eige utanlandsbudsjett der alt som ikkje påverkar den norske økonomien direkte blir sett inn. [2] Sandberg har også gått hardt ut mot bompengar, og er motstandar av å bruke bompengar for å finansiere infrastruktur[3].

Som kommunalpolitisk talsmann i FrP gjekk Sandberg mellom anna inn for å reformere forvaltingsnivåa i Noreg. Han ville erstatte fylkeskommunen med fem til ni nye regionar, og sette mange statlege oppgåver ut til desse[4]. Han gjekk også inn for å kutte ned talet på kommunar, og føreslo mellom anna at ein burde redusere Nord-Trøndelag til sju kommunar[5].

Kritikar av klimaforskinga[endre | endre wikiteksten]

Sandberg har også engasjert seg i klimadebatten. Han meiner at FNs klimapanel har låg truverde, og at arbeidet deira er prega av ei rekkje feil[6]. Han er også svært kritisk til Al Gore og kallar han ein «bløffmakar», noko han grunngjev med å påstå at det er mange feil i An Inconvenient Truth.

Innvandringsmotstand[endre | endre wikiteksten]

Sandberg er kritisk til ikkje-vestleg innvandring til Noreg, og vil ha full stopp i all innvandring frå ikkje-vestlege land[7]. Han ser på fundamentalistisk islam som eit hovudproblem, og har frykta at veksten i talet på muslimar i Noreg kan føre til sharialover[8]. Sandberg ønskjer også ein kraftig reduksjon i talet på asylsøkjarar til Noreg, og har mellom anna føreslått bruk av elektronisk ID-merke på asylsøkjarar i tillegg å opprette lukka asylmottak. [9]. Sandberg har også uttalt at alle overfallsvaldtekter i åra 2006 til og med 2009 vart utøvde av ikkje-vestlege innvandrarar - Faktasjekk.no konkluderte at utsegna var feil. Påstanden viste seg likevel å vere korrekt for Oslo, der statistikken til politiet viste at alle 41 innmeldte overfallsvaldtekter i Oslo frå 2006 til 2009 var utøvde av ikkje-vestlege innvandrarar.[10][11]

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stortingsbiografi
  2. «Portrettet: Per Sandberg, leder for samferdselskomiteen : Vei i vellinga!» i Transportforum nr. 1-2006 (.pdf)
  3. Hardkjør om bom. Haugesunds Avis (28.04.07).
  4. «Frp åpner for nye regioner», Bergens Tidende 23.08.2004
  5. Sandberg vil ha sju kommuner. Trønder-Avisa (02. Februar 2004).
  6. - Forskningen taper mot politisk ideologi. Adresseavisen (20.02.2008).
  7. - Kun vestlige innvandrere. Dagbladet (29.11.2002).
  8. Frp: – Uten oss får Norge sharialover. VG (02.05.2006).
  9. Vil ID-merke asylsøkere. VG (29.09.2003).
  10. «- Innvandrere bak alle anmeldte overfallsvoldtekter i Oslo». VG Nett (15.04.2009).
  11. «Alle overfallsvoldtekter de siste tre årene begås av ikke-vestlige innvandrere». Faktasjekk.no (05.09.2009).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Per Sandberg