Per Sivle
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Foto: Frode Inge Helland
Per Sivle (6. april 1857 – 6. semptember 1904) var ein norsk diktar og journalist. Han blei fødd i Aurland i Sogn og Fjordane fylke. Då mor hans døydde tidleg og faren var mykje ute som handelsreidande blei Per sett i foster, og han voks opp hjå fosteforeldre på garden Brekke på Voss (nabogarden til garden Stalheim). Garden var i ætta hans Sivle før forsterforeldra kjøpte honom, og var soleis ættegarden hans Sivle.
Forfatterskapet hans var folkeleg, og hadde eit tydeleg politisk og nasjonalt innhald. Sivle fekk aldri oppleva det han kjempa så sterkt for — norsk sjølvstende.
Sivle døydde i Kristiania (Oslo) etter å ha teke sitt eige liv. Han ligg gravlagt på Strømsgodset kyrkjegard i Drammen. Han vart særleg vonbroten då han i 1904 missa diktarløna si.
Innhaldsliste |
[endre] Redaktørarbeid
[endre] Verkliste
[endre] Romanar
- 1891 Streik
[endre] Noveller
[endre] Dikt og diktsamlingar
- 1878 En Digters Drøm. Tidsaanden tilegnet. (episke dikt)
- 1894 “Noreg”
- 1896 “Skaldemaal”
- 1901 “Olavskvæde”

