Per Sævik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Sævik
Fødd15. desember 1940 (83 år)
Herøy kommune
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar, reiar
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1989–1993)
  • ordførar i Herøy i Møre og Romsdal (1988–1989)
  • vararepresentant til Stortinget (1977–1981)
  • vararepresentant til Stortinget (1981–1985)
  • vararepresentant til Stortinget (1985–1989) Sjå dette på Wikidata

Per Rolf Sævik (fødd 15. desember 1940) er ein norsk skipsreiar og politikar frå Herøy i Møre og Romsdal. Han representerte Kristeleg FolkepartiStortinget for Møre og Romsdal i perioden mellom 1989 og 1993.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sævik var son til ein fiskar og fiskebåtreiar. Han tok sjølv til som fiskar då han var 15 år. Då han var 18 år gammal tok han kystskippereksamen, og vart seinare skipper på fiskebåtar han var deleigar i.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1971 vart han vald inn i Herøy kommunestyre for Kristeleg Folkeparti, og frå 1987 til 1989 var han ordførar i kommunen. Frå 1977 til 1989 var Sævik vararepresentant til Stortinget for Kristeleg Folkeparti og Møre og Romsdal, og møtte ved fleire høve i dei tre stortingsperiodane. Til stortingsvalet 1989 var han andrekandidaten til partiet i Møre og Romsdal, Kjell Magne Bondevik var framleis fyrstekandidat. Fylkespartiet til Kristeleg Folkeparti fekk inn to representantar ved stortingsvalet. På Stortinget var Sævik medlem av Forsvarskomiteen til Syse-regjeringa gjekk av i november 1990, deretter var han medlem i Kommunal- og miljøvernkomiteen. Han var elles nestleiar i Kontrollkomiteen. Sævik valte å ikkje ta attval i 1993.

Fiskeri[endre | endre wikiteksten]

Sævik var ein av dei leiande då reiarlaga i Herøy kommune gjekk inn supply-næringa frå slutten av 1970-talet. Han har lagd grunnen for tre supplyreiarlag, fyrst Sævik Supply ASA i 1981, seld til Trico Marine i 1997. Straks etter starta han opp Havila Supply ASA. Alle båtane i dette reiarlaget vart seld til franske Bourbon Groupé i 2003. På ny stifta han eit nytt reiarlag, Havila Shipping ASA, notert på Oslo Børs i 2005. Selskapet eig og driv 26 skip.

Han var president i Norges Rederiforbund frå 1996 til 1998.

Han overtok som formann i Fiskebåtredernes ForbundTrygve Olsen døydde i april 1979. Dette vervet hadde han fram til 1982. Dette vervet gjorde at han hadde plass i Landsstyret til Norges Fiskarlag.

På nyåret 2012 vart Sævik utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden «for hans innsats for skipsfartsnæringen.»[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Utnevnelse til St. Olavs Orden», kongehuset.no, 5. januar 2012. Besøkt 5. januar 2012.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Harald Grytten:Fisk og Forbund, Festskrift til Fiskebåtredernes forbund 1946 - 1996. Fiskebåtredernes Forbund 1996. ISBN 82-993729-0-9