Percheron
Percheron er ein fransk arbeidshestrase.
Innhaldsliste |
Raseskildring [endre]
Percheron er ein stor hest, med ei høgd på 1,65 til 1,85 m og ei vekt på 900 til 1200 kg. Farga er svart eller skimmel. Kroppen er kompakt og muskuløs, med krafige føter.
Historie [endre]
Percheron er ein rase som er avla fram i området rundt Mortagne-au-Perche i Normandie i Frankrike på 700-talet. Hesten framstår elegant, noko som skuldast innkryssing av arabarhest på 1700-talet.
Førekomst [endre]
Det finst minst 3000 individ av rasen percheron i USA. I dag foregår det ein del eksport av percheron frå Frankrike til Japan, der rasen nyt ein aukande popularitet.
Bruk [endre]
Det er ein sterk arbeidshest som kan dra tungt og arbeida stødig. Han er godlynt og lettkøyrd og høver like godt for jordbruk og skogbruk som til køyrehest. I heimlandet Frankrike vert hesten også nytta til kjøtproduksjon.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Nettsida til Societe Hippique Perceronne de France (på fransk)
- Om historia til Percheronhesten (på engelsk)