Percy Jackson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rick Riordan ved lanseringa av The Battle of the Labyrinth.

Percy Jackson (opphavleg tittel Percy Jackson & the Olympians) er ein bokserie i fantasysjangeren skriven av Rick Riordan. Serien omfattar fem bøker, som alle er omsette til norsk. Den fyrste boka, Lyntyven, er også vorten filmatisert.

Bøkene har handling frå USA, men er inspirerte av gresk mytologi. Hovudpersonen Percy Jackson har det vanskeleg på skulen (han har ADHD og dysleksi), men oppdagar etter kvart at han er son av den greske havguden Poseidon. Saman med andre overnaturlege vener må han klara seg mot ulike skapningar frå den greske mytologien.

Bøkene[endre | endre wikiteksten]

År Originaltittel Norsk omsetjing
2005 The Lightning Thief Lyntyven (2009)
2006 The Sea of Monsters Monsterhavet (2010)
2007 The Titan's Curse Titanens forbannelse (2010)
2008 The Battle of the Labyrinth Slaget om labyrinten (2011)
2009 The Last Olympian Den siste olympier (2011)

Hovudkarakterar[endre | endre wikiteksten]

  • Jason Grace
  • Leo Valdez
  • Piper McLean
  • Percy Jackson
  • Grover Underwood
  • Annabeth Chase
  • Luke Castellan
  • Thalia Grace
  • Nico di Angelo
  • Tyson
  • Clarisse La Rue
  • Rachel Elizabeth Dare
  • Chiron

The Heroes of Olympus[endre | endre wikiteksten]

The Heroes of Olympus er ein oppfølgjarserie til Percy Jackson-serien og er også basert på halvblodsleiren og gresk mytologi. Den første boka, Den forsvunne helten (The Lost Hero), kom 12. oktober 2010. Som i den første serien vil det bli fem bøker. Den andre boka i The Heroes of Olympus, The Son of Neptune, blei gitt ut i oktober 2011 og den tredje boka er The Mark of Athena som vart gitt ut 2. oktober 2012. Den fjerde boka,The House of Hades, skal kome ut hausten 2013.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.