Perfect Strangers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Perfect Strangers
Studioalbum av Deep Purple
Språk engelsk
Utgjeve 29. oktober 1984
Innspelt August 1984
Studio «Horizons» i Stowe i Vermont, USA med Le Mobile Studio
Sjanger Hardrock, heavy metal
Lengd 40:02
Selskap Polydor
Produsent Roger Glover, Deep Purple
Deep Purple-kronologi 
Come Taste the Band
(1975)
Perfect Strangers The House of Blue Light
(1987)


Singlar frå Perfect Strangers
  1. «Knocking at Your Back Door»
    Utgjeve: Desember 1984 (USA) [1]
  2. «Perfect Strangers»
    Utgjeve: Januar 1985 (Storbritannia) [2]

Perfect Strangers er det ellevte studioalbumet til det engelske rockebandet Deep Purple, gjeve ut 29. oktober 1984. Det var det mest vellykka albumet som vart spelt inn av den nydanna Mark II-besetninga.[3]

Det var det første studioalbumet med Deep Purple på ni år, og det første med Mark II-besetninga på elleve år, det siste var Who Do We Think We Are i 1973. Ritchie Blackmore og Roger Glover kom frå Rainbow, Ian Gillan frå Black Sabbath, Jon Lord frå Whitesnake og Ian Paice frå Gary Moore sitt band. Berre éin låt i det reformerte Deep Purple sitt nye repertoar, «Nobody's Home», vart kreditert alle fem bandmedlemmene. Gillan og Glover prøvde å gå tilbake til alle-for-alle-komposisjonane frå Mark II-innspelingane til bandet i 1970-73, men Blackmore stod fast. Først då Blackmore forlét gruppa i 1993, vart saka endeleg løyst.[4]

CD- og kassettversjonane av albumet inneheldt ekstrasporet «Not Responsible» (som inneheld teksten «I've got no ticket, but I'm gonna take a fucking ride», noko som er eit sjeldan døme på banning i ein Deep Purple-låt). Albumet vart ommastra og gitt ut på nytt 22. juni 1999 med det instrumentale bonussporet «Son of Alerik». Sistnemnde hadde tidlegare vore tilgjengeleg som B-side på singelen «Perfect Strangers» i 1984.

Albumet vart ein kommersiell suksess og nådde femteplassen på dei britiske hitlistene og 17. plassen på Billboard 200 i USA. Perfect Strangers var det andre studioalbumet til Deep Purple som vart sertifisert platina i USA, etter Machine Head frå 1972.[5] Turneen var så vellykka at bandet måtte booka mange ekstra datoar til den amerikanske arenaturneen, ettersom billettane raskt vart utselt. USA-turneen deira i 1985 selde fleire billettar enn alle andre artistar det året, bortsett frå Bruce Springsteen.[6]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[3]
Collector's Guide to Heavy Metal10/10[7]
Rock Hard9.0/10[8]
Rolling Stone2/5 stars[9]

Albumet fekk blanda kritikk. Deborah Frost i Rolling Stone noterte i ei samtidsmelding at, med unntak av dei to singlane, «består materialet av hastig avklinka jammar» og lurte på om utgivinga berre var laga «for å tena pengar på den noverande heavy-metal-bølgja». Men ho uttalte òg: «Blackmore sin Stratocaster har eit så herleg brøl at ein er villig til å la det runga i øyret ei stund. Og det er fint å høyra det usyntetiserte orgelskrallet til Jon Lord, det elektrifiserande trommespelet til Ian Paice, hyla og kviskringa til Ian Gillan og dei solide basslinjene til Roger Glover igjen», sjølv om «i staden for Glover kunne ein produsent utanfrå ha tvinga bandet til å stramma opp sine riff og arrangement.»[9].

Den kanadiske journalisten Martin Popoff lovprisa dette comebackalbumet som «berre eit nikk til 70-talet» og konsentrerer seg «om låtkunst snarare enn teknisk oppvisning», og plasserte Deep Purple som «eit referansepunkt for ein sjanger innan metal utan kategorisering.»[7]

«Ein flott augneblink i tida», meinte Glover, «men som album hengjer det ikkje heilt saman.»[10]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle låtane er skrivne av Ritchie Blackmore, Ian Gillan og Roger Glover med mindre anna er angitt.

«Son of Alerik» hadde dukka opp i redigert form på 7" B-sida av «Perfect Strangers»-singelen, eller i sin heilskap på 12" «Perfect Strangers»-singelen og den europeiske versjonen av samlinga Knocking at Your Back Door: The Best of Deep Purple in the 80's.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Knocking at Your Back Door»7:09
2.«Under the Gun»4:40
3.«Nobody's Home» (Blackmore, Gillan, Glover, Jon Lord, Ian Paice)4:01
4.«Mean Streak»4:26
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Perfect Strangers»5:31
6.«A Gypsy's Kiss»4:14
7.«Wasted Sunsets»3:58
8.«Hungry Daze»5:01
Ekstraspor på kassett- og CD-utgåva
Nr.TittelLengd
9.«Not Responsible»4:53
Bonusspor på CD-utgåva frå 1999
Nr.TittelLengd
10.«Son of Alerik» (Blackmore)10:01
1983, men Live in Tokyo 2001
Nr.TittelLengd
11.«Rainbow in the Dark» (Deep Purple & Dio.)5:11

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Deep Purple
Produksjon
  • Produsert av Roger Glover og Deep Purple
  • Innspilt på Horizons i Stowe u Vermont med Le Mobile Studio, 1984
  • Miksa på Tennessee Tonstudio, Hamburg, Tyskland
  • Lydteknisk utført av Nick Blagona
  • Mastering av Greg Calbi hos Sterling Sound, New York

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album
Liste (1984-1985) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[11] 19
Austerrikske album (Ö3 Austria)[12] 5
Canada Albums (RPM)[13] 22
Nederlandske album (MegaCharts)[14] 16
Finland (The Official Finnish Charts)[15] 7
Den franske albumlista (SNEP)[16] 5
Tyske album (Offizielle Top 100)[17] 2
Italienske album (Musica e Dischi)[18] 9
Den japanske albumlista (Oricon)[19] 4
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[20] 12
Norske album (VG-lista)[21] 2
Svenske album (Sverigetopplistan)[22] 3
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[23] 1
Britiske album (OCC)[24] 6
US Billboard 200[25] 17

Singlar
År Singel Liste Plassering
1984 «Perfect Strangers» Billboard Mainstream Rock Tracks (USA)[26] 12
Den franske singellista[27] 45
1985 UK Singles Chart[28] 48
«Nobody's Home» Billboard Mainstream Rock Tracks (USA)[26] 20
«Knocking at Your Back Door» Billboard Mainstream Rock Tracks (USA)[26] 7
Billboard Hot 100 (USA)[29] 61
UK Singles Chart[28] 65

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1985) Plassering
Canada [30] 91

Salstrofé og salstal[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[31] Gull 35 000^
Canada (Music Canada)[32] Platina 100 000^
Tyskland (BVMI)[33] Gull 250 000^
New Zealand (RMNZ)[34] Gull 7 500^
Sveits(IFPI Switzerland)[35] Gull 25 000x
Storbritannia (BPI)[36] Gull 100 000^
USA (RIAA)[37] Platina 1 000 000^
Oppsummering
Worldwide 3,000,000[38]

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Publikasjon Land Utmerking År Plassering
Kerrang! Storbritannia «End of Year Lists – Top Album of 1984»[39] 1984 7

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Deep Purple-singlar». 
  2. «Deep Purple-singlar». 
  3. 3,0 3,1 Adams, Bret. «Deep Purple - Perfect Strangers review». AllMusic. All Media Network. Henta 5. februar 2017. 
  4. Dave Thompson Smoke on the Water: The Deep Purple Story. 2004. s. 241
  5. «Deep Purple & A Momentous Mark II Reunion». udiscovermusic.com. Henta 5. november 2014. 
  6. Lalaina, Joe (January 1989). «Jon Lord's Purple Reign». Modern Keyboard. Henta 5. februar 2017. 
  7. 7,0 7,1 Popoff, Martin (1. november 2005). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 2: The Eighties. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. s. 90–91. ISBN 978-1894959315. 
  8. Breusch, Matthias. «Review Album: Deep Purple - Perfect Strangers». Rock Hard (på tysk). Henta 5. februar 2017. 
  9. 9,0 9,1 Frost, Deborah (28. februar 1985). «Deep Purple: Perfect Strangers». Rolling Stone. Henta 5. februar 2017. 
  10. Rees, Paul (April 2017). «To Infinity... and Beyond?». Classic Rock #234: 40. 
  11. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  12. "Deep Purple - Perfect Strangers" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
  13. «RPM Top 100 Albums - 12. januar 1985» (PDF). 
  14. "Deep Purple – Perfect Strangers". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
  15. Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin – levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. s. 166. ISBN 978-951-1-21053-5. 
  16. «Le Détail des Albums de chaque Artiste – D». Infodisc.fr (på fransk). Arkivert frå originalen 22. oktober 2014. Henta 9. juni 2012.  Select Deep Purple from the menu, then press OK.
  17. "Offiziellecharts.de – Deep Purple – Perfect Strangers" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 9. juli 2023.
  18. «Classifiche». Musica e Dischi (på italiensk). Henta 27. mai 2022.  Set «Tipo» on «Album». Then, in the «Artista» field, search «Deep Purple».
  19. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005 (på japansk). Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  20. "Deep Purple – Perfect Strangers". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
  21. "Deep Purple – Perfect Strangers". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
  22. "Deep Purple – Perfect Strangers". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
  23. "Deep Purple – Perfect Strangers". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
  24. "Deep Purple | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 8. juli 2023.
  25. "Deep Purple Album & Song Chart History" Billboard 200 for Deep Purple. Prometheus Global Media. Henta 8. juli 2023.
  26. 26,0 26,1 26,2 «Deep Purple Chart History: Mainstream Rock Songs». Billboard. Henta 5. februar 2017. 
  27. «infodisc.fr Note : You must select Deep Purple». infodisc.fr. Henta 10. mars 2017. 
  28. 28,0 28,1 «Deep Purple Official Charts». Official Charts Company. Henta 5. februar 2017. 
  29. «Deep Purple Chart History: The Hot 100». Billboard. Henta 5. februar 2017. 
  30. «RPM Top 100 Albums - 28. desember 1985» (PDF). 
  31. «Gold for Purple» (PDF). Cash Box: 36. 2. februar 1985. Henta 9. desember 2021 – via World Radio History. 
  32. «Canadian album salstrofé – Deep Purple – Perfect Strangers». Music Canada. 
  33. «Gold-/Platin-Datenbank (Deep Purple; 'Perfect Strangers')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  34. «New Zealand album salstrofé – Deep Purple – Perfect Strangers». Recording Industry Association of New Zealand. 
  35. «Deep Purple Perfect Strangers Official 1985 Sveits Gold Sales Award». 20. desember 2020. 
  36. «British album salstrofé – Deep Purple – Perfect Strangers». British Phonographic Industry.  Enter Perfect Strangers in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  37. «American album salstrofé – Deep Purple – Perfect Strangers». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  38. «Spotlight - Deep Purple» (PDF). Billboard 12 (7): 24. 20. oktober 1990. Henta 6. september 2021. 
  39. «Kerrang – End of Year Lists – Top Album of 1984». Kerrang!. Henta 24. mai 2016.