Perfektum
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Perfektum (latin perfectum tempus 'fullenda tid') er ei bøyingsform av verba, som i norsk språk er sett saman av hjelpeverbet har og ei perfektum partisippform av verbet. Til dømes «han har stole ein bil», «han har gått sin veg».
Medan fortid eller preteritum berre plasserer ei handling i fortida, plasserer perfektum handlinga i fortida i forhold til notida.
Perfektum og perfektiv brukast òg om verbalformer som ikkje er eigentleg fortidige, men viser ein notidig tilstand som er resultatet av ei fortidig handling (òg kalla «resultativ perfektum»). Til dømes gresk gégraptai (γέγραπται) 'det er skrive, det står skrive'.
På latin og i dei romanske språka er perfektum dessutan ei fullenda og overskoda handling, i motsetnad til imperfektum.