Pergusasjøen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Pergusasjøen | |
|---|---|
|
|
|
| Stad | Sicilia |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Tilknytte land | Italia |
| Overflateareal | 1,8 km² |
| Største djupne | 12 m |
| Høgd over havet | 670 moh |
Pergusasjøen ligg mellom ei fjellgruppe i fjellkjeda Erei på Sicilia, om lag 5 km frå Enna i Italia. Mange trekkfuglar stoppar her, og i tillegg finn ein mange pattedyr, reptilar, amfibiar og virvellause dyr. Området er derfor eit naturreservat.
Rundt innsjøen ligg racerbanen Autodromo di Pergusa, som har hatt løp i Formel 1, Formel 3000 og ein Ferrarifestival med Michael Schumacher.
Her finn ein òg den arkeologiske staden Cozzo Matrice som er ruinane av ein gamal festningslandsby. Nokre av murane her er frå år 8000 f.Kr. I tillegg finn ein her ein heilag citadell, ein gravplass og ruinane etter eit tempel tileigna Demeter som er meir enn 2 000 år gamalt.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Pergusa Lake frå Engelsk Wikipedia .