Peridotitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peridotitt

Kjenneteikn
Gruppemagmatisk
Hovudmineralolivin, pyroksen,
hornblende

Peridotitt er ein ultramafisk magmatisk bergart med eit særs høgt innhald av olivin. Andre vanlege hovudmineral er pyroksen, hornblende, ambifol granat, og ofte med spinell, særleg kromitt, som kan ha økonomisk tyding.

Viktige bergartstypar innan denne gruppa er dunitt eller olivinstein (med meir enn 90 % olivin), harzburgitt (med vesentleg olivin og ortopyroksen), wehrlitt (med vesentleg olivin og klinopyroksen) og granatperidotitt (med rikelig granat). Han finst som som gangar eller isolerte kuppar og større massiv.

Peridotittar vert lett omdanna til serpentinitt. Truleg kjem mange av peridotittane opphavleg frå den øvre delen av mantelen til jorda, og er ført inn i jordskorpa under deformasjonar knytte til danninga av fjellkjeder. Neve- til hovudstore knollar av peridotitt finst dessutan som innesluttingar i basaltiske lavaer og kimberlittpluggar, som begge òg har opphavet sitt i den øvre mantelen til jorda.

I Noreg finst peridotittar som linser i gneis og skifer i vestre delar av landet mellom Sunnfjord og Troms, og som lag i gabbro i Jotunheimen og Troms/Vest-Finnmark. Dei er gjerne lett kjennelige ved rustbrun forvitringsfarge. Ven granatperidotitt er kjent frå Vanylven og TafjordSunnmøre og frå Otterøya ved Molde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]