Periferieininga Árta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Periferieininga Árta
Περιφερειακή ενότητα Άρτας
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferi Ípiros
Hovudstad Árta
Folketal 63 732 (2021[1])
Areal 1 662 km² Rangering 40.
Folketettleik 38/km²
Kommunar 4
Postnummer 47x xx
Retningsnummer 268x0
Bilnummer AT
Heimeside www.arta.gr

Periferieininga Árta (gresk Περιφερειακή ενότητα Άρτας, Periferiakí enótita Ártas) er ei periferieining i Hellas i periferien Ípiros.[2] Hovudstaden i periferieininga er Árta og periferieininga ligg nord for Ártabukta. I nordaust ligg det fjell med berre ein veg inn i Piniósdalen og Thessalía, og lågtliggande jordbruksområde ligg i vest. Árta grensar til periferieiningane Préveza i vest, Ioánnina i nord, Tríkala og Kardítsa i aust og Etoloakarnanía i sør. Den austlege grensa går langs elva Akhelóos og den vestlege ved Loúros.

Mykje av folkesetnaden bur i vest, i Árakhthosdalen, sør og aust for Árta.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Av elvar i området finn ein Akhelóos, Árakhthos og Loúros. Fjella Athamaniká ligg i nordaust og er ein del av fjellkjeda Píndos

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området rundt Árta vart ein del av Hellas i 1880-åra og var den einaste delen av Ípiros som då vart ein del av Hellas i lag med Thessalía.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var Árta eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fire kommunar.[2]

Periferieining Kommune Tidlegare
kommune
Postnummer Retningsnr
Árta Árta Árta 471 00 26810
Amvrakikós 471 00 26810-4
Filothéi 470 42 26810
Vlakhérna 471 00 26810-85
Xirovoúni 482 00 26830-8
Sentral-Tzoumérka Ágnanda 470 43 26850-3
Athamánia 470 45 26850-2
Melissourjí 471 00 26830-26
Theodóriana 470 45 26850-22
Nikólaos Skoufás Árakhthos 470 41 26810-8
Komméno 471 00 26830-69
Kombóti 470 40 26810-65
Péta 472 00 26810-81
Jeórjos Karaiskákis Jeórjos Karaiskákis 470 48 26810-67
Iráklia 470 44 26810-68
Tetrafylía 470 47 26850

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

Tettstad Kommune Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Árta Árta 21 895 21 798
Kostakií Árta 2 078 2 020
Ájos Dimítrios Nikólaos Skoufás 1 482 1 510
Péta Nikólaos Skoufás 1 563 1 443
Kombóti Nikólaos Skoufás 1 544 1 439
Neokhóri Nikólaos Skoufás 1 737 1 372
Khalkiádes Árta 1 284 1 330
Grammenítsa Árta 1 258 1 206
Ájos Spyrídonas Árta 971 979
Eleoúsa Árta 1 093 973
Anéza Árta 1 111 946
Kalamiá Árta 1 018 934

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]