Periferieininga Khaniá
| Periferieininga Khaniá Περιφερειακή ενότητα Χανίων |
|
|---|---|
|
|
| Periferi | Kreta |
| Hovudstad | Khaniá |
| Folketal | 156 371 (2005) Rangering 19. |
| Areal | 2 376 km² Rangering 27. |
| Folketettleik | 66/km² |
| Kommunar | 7 |
| Postnummer | 73x xx, 740 55 |
| Retningsnummer | 282x0, 28310 |
| Bilnummer | XN |
| Heimeside | www.nax.gr |
Periferieininga Khaniá (gresk Περιφερειακή ενότητα Χανίων, Periferiakí enótita Khaníon) er ei periferieining på øya Kreta i Hellas. Ho er ei av fire periferieiningar i periferien Kreta. Hovudstaden i periferieininga er Khaniá.
Khaniá dekkjer den vestlegaste delen av øya, og grensar mot Réthymno i aust. I nord grensar ho til Egearhavet og i vest og i sør til Middelhavet. I innlandet ligg fjellmassivet Levká Óri. Periferieininga inkluderer òg den sørlegaste øya i Europa, Gávdos.
Innhaldsliste |
Geografi [endre]
Periferieininga Khaniá vert ofte berre kalla Vest-Hellas.
Naturparken Samariáravinen er ein stor turistattraksjon i dei sørlege områda. Dei kvite fjella eller Levká Óri er dekka av snø fram til mai og dekkjer store delar av Khaniá. Dei inneheld meir enn 40 toppar på over 2 000 meter. Den høgaste av desse er Pákhnes på 2 452 moh.
Den einaste ferskvassinnsjøen på Kreta, Kournássjøen, ligg i prefekturet, nær periferieininga Réthymno. Han er relativt stor med ein omkrins på 3,5 km.
Administrativ inndeling [endre]
Tidlegare var Khaniá eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i sju kommunar.
| Periferieining | Kommune | Tidlegare kommune |
Postnummer | Retningsnr |
|---|---|---|---|---|
| Khaniá | Kíssamos | Kíssamos | 734 00 | 28220-2 |
| Innakhóri | 730 13 | 28220-6 | ||
| Mýthimna | 730 04 | 28220-3 | ||
| Plataniás | Plataniás | 730 04 | 28210-6 | |
| Voukoliés | 730 02 | 28240-3 | ||
| Kolymvári | 730 06 | 28240-2 | ||
| Mousoúri | 730 05 | 28220-3 | ||
| Khaniá | Khaniá | 731 00 | 28210-2 til 7 | |
| Akrotíri | 731 00 | 28210-6 | ||
| Elevthérios Venizélos | 733 00 | 28210-9 | ||
| Keramiá | 731 00 | 28210 | ||
| Néa Kydonía | 731 00 | 28210-3 | ||
| Soúda | 732 00 | 282210-2 | ||
| Thériso | 731 | 28210-9 | ||
| Apokóronas | Arméni | 730 08 | 28250-3 | |
| Así Goniá | 740 55 | 28310-4 | ||
| Vámos | 730 08 | 28250-2 | ||
| Jorjoúpoli | 730 07 | 28250-9 | ||
| Kryonerída | 730 07 | 28250-5 | ||
| Fres | 730 06 | 28210-7 | ||
| Sfakiá | Sfakiá | 730 11 | 28250-9 | |
| Kándanos-Sélino | Kándanos | 730 04 | 28220-3 | |
| Anatolikó Sélino | 730 09 | 28230-5 | ||
| Pelekános | 730 01 | 28230-2 | ||
| Gávdos | Gávdos | 730 01 | 28230-4 |
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Chania Prefecture frå Engelsk Wikipedia .
