Periferieininga Pélla
| Periferieininga Pélla Περιφερειακή ενότητα Πέλλης |
|
|---|---|
|
|
| Periferi | Sentral-Makedonía |
| Hovudstad | Édessa |
| Folketal | 139 680 (2011) Rangering 22. |
| Areal | 2 506 km² Rangering 21. |
| Folketettleik | 56/km² |
| Kommunar | 4 |
| Postnummer | 58x xx |
| Retningsnummer | 238x0 |
| Bilnummer | EE |
| Heimeside | www.pella.gr |
Periferieininga Pélla (gresk Περιφερειακή ενότητα Πέλλης, Periferiakí enótita Péllis) er ei periferieining i Hellas i periferien Sentral-Makedonía. Hovudstaden er Édessa og ho grensar til Flórina i vest, Kozáni i sørvest, Imathía i sør, Thessaloníki i søraust, Kilkis i aust og Republikken Makedonia i nord.
Pélla var tidlegare ein del av det store Thessaloniki prefektur fram til 1947, då dette vart delt opp i mindre prefektur, frå 2011 ei periferieining. Pélla er kalla opp etter den antikke byen med same namn.
Innhaldsliste |
Administrativ inndeling[endre]
Tidlegare var Pélla eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fire kommunar.
| Periferieining | Kommune | Tidlegare kommune |
Postnummer | Retningsnr |
|---|---|---|---|---|
| Pélla | Almopía | Aridéa | 584 00 | 23840-2 |
| Exaplátanos | 580 04 | 23840-4 | ||
| Pélla | Jannitsá | 581 00 | 23820-2 | |
| Pélla | 580 05 | 23820-3 | ||
| Kýrros | 581 00 | 23820-51 | ||
| Megás Aléxandros | 583 00 | 23820-43 | ||
| Krýa Vrýsi | 583 00 | 23820-6 | ||
| Skýdra | Skýdra | 585 00 | 23810-8 | |
| Meniída | 585 00 | 23810-41 | ||
| Édessa | Édessa | 582 00 | 23810-2 | |
| Vegorítida | 580 02 | 23810-31 |
Geografi[endre]
Nordlege og sørvestleg område av Pélla er dekka av fjell, særleg Vérmiofjella, Vórasfjella (Nidže) i nordvest og Páikofjella i nordaust. Dei sørlege områda er flate og i antikken var det ei bukt som hang saman med Egearhavet. Høgda er i dag om lag 5-10 meter over havnivå. Vegorítidasjøen ligg i sørvest.
Historie[endre]
Området rundt den moderne periferieininga Pélla var ein del av Makedonia i antikken. Det vart seinare ein del av Romarriket, og så Austromarriket og Det osmanske riket. Etter 500 år med tyrkisk styre starta den greske sjølvstendekrigen, men grekarane tapte alle slaga i området og Pélla vart først ein del av Hellas i 1913, etter balkankrigane. Økonomien og jordbruket i Pélla betra seg og det vart oppretta fleire jordbruksområde, medan vegsystemet vart utbetra. Under den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922 kom mange flyktningar frå Vesleasia i det moderne Tyrkia til området. Radio og bilar kom til landsbyga i 1950-åra, i tillegg til at vegane vart asfaltert.
Bakgrunnsstoff[endre]
Kjelde[endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Pella Prefecture frå Engelsk Wikipedia .
