Periferieininga Pireus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Periferieininga Pireus Περιφερειακή ενότητα Πειραιά |
|
|---|---|
| Periferi | Attikí |
| Hovudstad | Pireus |
| Folketal | 466 065 (2001) |
| Areal | 50,4 km² |
| Folketettleik | 9 247/km² |
| Kommunar | 5 |
| Postnummer | 1xx xx, 801 xx |
| Retningsnummer | 210, 27340 |
| Heimeside | nomarhiapeiraia.gr |
Periferieininga Pireus (gresk Περιφερειακή Ενότητα Πειραιά, Periferiakí enótita Pireá) er ei av dei åtte periferieiningane i periferien Attikí. Ho vart oppretta ved den administrative reforma i 2010, og var tidlegare ein del av prefekturet Pireus.
Periferieininga grensar til periferieiningane Vest-Aten i nord og Sør-Aten i aust.
Periferieininga er sett saman av kommunane (nummer på kartet)
- Pérama (8)
- Keratsíni-Drapetsóna (4)
- Korydallós (5)
- Níkea-Ájos Ioánnis Réndis (7)
- Pireus (1)