Periferieininga Préveza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Periferieininga Préveza
Περιφερειακή ενότητα Πρεβέζας
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferi Ípiros
Hovudstad Préveza
Folketal 54 682 (2021[1])
Areal 1 036 km² Rangering 46.
Folketettleik 53/km²
Kommunar 3
Postnummer 48x xx
Retningsnummer 268x0
Bilnummer PZ
Heimeside www.preveza.gr

Periferieininga Préveza (gresk Περιφερειακή ενότητα Πρεβέζας, Periferiakí enótita Prévezas) er ei periferieining i Hellas i periferien Ípiros.[2] Hovudstaden i periferieininga er Préveza.

Periferieininga grensar til Árta i aust, Thesprotía i nordvest og Ioánnina i nordaust.

Préveza vart oppretta som eit prefektur i 1913 då resten av Ípiros vart ein del av Hellas under den første balkankrigen. Prefekturet omfatta òg Levkáda, men i 1955 vart øya skild ut som eit eige prefektur i periferien Dei joniske øyane.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var Préveza eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i tre kommunar.[2]

Periferieining Kommune Tidlegare
kommune
Postnummer Retningsnr
Préveza Préveza Préveza 481 00 26820
Loúros 480 61
Zálongo 481 00
Zirós Anójo 482 00
Filippiáda 482 00 26830
Kranéa 483 00
Thesprotikó 483 00
Párga Párga 480 60
Fanari 480 62 26840

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Periferieininga består av dalar og åsar i nord og ruinane av Nikópolis og Kassópi. Fjellet Xerovoúni ligg heilt i nordaust. I sør ligg Ártabukta og i vest Det joniske havet.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Periferieininga har hovudsakleg middelhavsklima og normaltemperaturane varierer frå 28-30 °C til 35 °C. I høgareliggande strøk kan ein derimot få nokså kalde vintrar.

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

Tettstad Kommune Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Préveza Préveza 19 042 19 309
Filippiáda Zirós 4 619 5 207
Kanalláki Párga 2 513 2 542
Párga Párga 2 088 2 216
Loúros Préveza 1 938 1 769
Thesprotikó Zirós 1 363 1 257
Néos Oropós Préveza 1 304 1 127
Mýtikas Préveza 1 142 1 052
Kanáli Préveza 907 995
Psatháki Préveza 930 910

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]