Periferieininga Sérres

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Periferieininga Sérres
Περιφερειακή ενότητα Σερρών
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferi Sentral-Makedonía
Hovudstad Sérres
Folketal 176 430 (2011[1]) Rangering 11.
Areal 3 968 km² Rangering 8.
Folketettleik 44/km²
Kommunar 7
Postnummer 62x xx
Retningsnummer 232x0
Bilnummer EPx
Heimeside www.naserron.gr

Periferieininga Sérres (gresk Περιφερειακή ενότητα Σερρών, Periferiakí enótita Serrón) er ei periferieining i Hellas i periferien Sentral-Makedonía.[2] Hovudstaden i periferieininga er Sérres.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sérres er ei kupert periferieining, og av fjell finn ein Órvilos (Slavjanka) i nord, Meníkio i aust, Pangéo i søraust, Kerdýlio i sørvest, Vertískos i vest, delar av Kroússia i vest og delar av Kerkíni (Belasitsa) i nordvest. Sérres grensar til Thessaloníki i sørvest, Kilkís i vest, Republikken Makedonia i nordvest, Bulgaria i nord, Dráma i nordaust og Kavála i aust. Strymónasbukta ligg i sør utanfor deltaet av elva Strýmonas. Periferieininga dekkjer 3 % av heile Hellas. 41 % av periferieininga er dyrkbar mark og det meste av området ligg nær elva Strymónas (Struma) som renn frå Bulgaria og munnar ut i Strymónasbukta. Ei anna elv er Angítis i aust. Vest i periferieininga, der Strymónas gjer ein sving, er elva demt opp og dannar Kerkínisjøen, kjend for sitt rike fugleliv.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I moderne tider har Sérres, i lag med resten av regionen Makedonia vorte kjempa om mellom Hellas, Bulgaria, Jugoslavia og Det osmanske riket, Etter frigjeringa frå Det osmanske riket av bulgararane under den første balkankrigen vart Sérres ein del av Hellas etter den andre balkankrigen. Under det nasjonale skisme, som handla om Hellas skulle gå inn i den første verdskrigen eller ikkje, vart området okkupert av Bulgaria igjen, men gjekk tilbake til Hellas etter krigen. Under den andre verdskrigen okkuperte Bulgaria Sérres og utførte ein bulgariseringsprosess i området. Sérres vart frigjeve i 1944.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Sérres har hovudsakleg middelhavsklima i dei sørlege delane av dalen langs elva Strymónas (Struma). Lenger borte frå kysten er klimaet hovudsakleg kontinental med kalde vintrar i høgareliggande område.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var Sérres eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i sju kommunar.[2]

Periferieining Kommune Tidlegare
kommune
Postnummer Retningsnr
Sérres Visaltía Visaltía 622 00 23220-6
Nigríta 622 00 23220-2
Akhinós 622 00 23220-5
Trájilos 620 49 23220
Amfípoli Amfípoli 620 41 23240-9
Rodolívos 620 41 23240-7
Próti 620 47 23240-6
Kormísta 620 47 23240-8
Néa Zíkhni Néa Zíkhni 620 42 23240-2
Alistráti 620 45 23720-5
Emmanouíl Pappás Emmanouíl Pappás 620 46 23210-7
Strymónas 621 00 23210-9
Sérres Sérres 621 00 23210-2
Kapetán Mitroúsi 621 00 23210-9
Levkónas 621 xx 23210-9
Skoutári 621 00 23210-9
Áno Vrondoú 621 00 23210-8
Oriní 621 00 23210-5
Sindikí Kerkíni 620 52 23170-2
Petrítsi 620 43 23230-4
Promakhónas 623 00 23230-4
Ágistro 623 00 23230-4
Sidirókastro 623 00 23230-2
Akhladokhóri 623 00 23230-6
Iráklia Iráklia 624 00 23250-2
Skotoússa 621 00 23210-9
Strymonikó 620 54 23220-8

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

Tettstad Kommune Folketal 2011[1]
Sérres Sérres 58 287
Sidirókastro Sindikí 5 177
Nigríta Visaltía 4 947
Iráklia Iráklia 3 786
Néa Zíkhni Néa Zíkhni 2 530
Néo Soúli Emmanouíl Pappás 2 399
Levkónas Sérres 2 388
Terpní Visaltía 2 169
Skoutári Sérres 2 154
Alistráti Néa Zíkhni 2 127
Rodolívos Amfípoli 2 072
Néos Skopós Emmanouíl Pappás 1 934
Néo Petrítsi Sindikí 1 932
Pondisméno Iráklia 1 666
Strymonikó Iráklia 1 619
Mavrothálassa Visaltía 1 572
Khrysó Emmanouíl Pappás 1 571
Dravískos Néa Zíkhni 1 488
Kapetán Mitroúsi Sérres 1 479
Skotoússa Iráklia 1 415
Kímisis Iráklia 1 414
Ájo Pnévma Emmanouíl Pappás 1 353
Gázoros Néa Zíkhni 1 315
Paleokómi Amfípoli 1 274
Neokhóri Emmanouíl Pappás 1 227
Próti Amfípoli 1 176
Kalá Déndra Sérres 1 131
Kouvoúklia Sérres 1 127
Valteró Iráklia 1 102
Provatás Sérres 1 099
Vambakófyto Sindikí 1 061
Kharopó Sindikí 1 042
Khrysokhórafa Iráklia 1 023
Pendápoli Emmanouíl Pappás 995
Ammoudiá Iráklia 992

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]