Periferieininga Sør-Aten
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Periferieininga Sør-Aten Περιφερειακή ενότητα Νοτίου Τομέα Αθηνών |
|
|---|---|
| Periferi | Attikí |
| Folketal | 519 997 (2001) |
| Areal | 69,4 km² |
| Folketettleik | 7 493/km² |
| Kommunar | 8 |
| Postnummer | 1xx xx |
| Retningsnummer | 210 |
| Bilnummer | IH / IK |
Periferieininga Sør-Aten (gresk Περιφερειακή Ενότητα Νοτίου Τομέα Αθηνών, Periferiakí enótita notíou toméa Athinón) er ei av dei åtte periferieiningane i periferien Attikí. Ho vart oppretta ved den administrative reforma i 2010, og var tidlegare ein del av prefekturet Aten.
Periferieininga er sett saman av kommunane (nummer på kartet)
- Moskháto-Távros (24)
- Kallithéa (20)
- Paleó Fáliro (27)
- Néa Smýrni (26)
- Ájos Dimítrios (4)
- Álimos (7)
- Ellinikó-Arjyroúpoli (14)
- Glyfáda (12)