Periferieininga Thessaloníki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Periferieininga Thessaloníki
Περιφερειακή ενότητα Θεσσαλονίκης
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferi Sentral-Makedonía
Hovudstad Thessaloníki
Folketal 1 110 551 (2011[1]) Rangering 2.
Areal 3 683 km² Rangering 9.
Folketettleik 302/km²
Kommunar 14
Postnummer 54x xx - 57x xx
Retningsnummer 2310, 239x0
Bilnummer N
Heimeside www.nath.gr

Periferieininga Thessaloníki (gresk Περιφερειακή ενότητα Θεσσαλονίκης, Periferiakí enótita Thessaloníkis) er ei periferieining i Hellas i periferien Sentral-Makedonía.[2] Hovudstaden i periferieininga er byen Thessaloníki. Periferieininga er den nest folkerikaste i Hellas og det største i Makedonia og Nord-Hellas.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Periferieininga strekkjer seg frå Thermaikósbukta i sørvest til Strymónasbukta i aust. Nord i periferieininga ligg Koróniasjøen sentralt og Vólvisjøen i aust. Fjellområde dekkjer dei sentrale og nordlege delane av periferieininga, medan jordbruksområde ligg i vest, sørvest og enkelte stader i nordaust, samt i dalen langs elva Axiós (Vardar). Av fjell finn ein Khortiátis i vest, Vertískos i nord og delar av Kerdýlliafjella i nordaust. Periferieininga grensar til Imathía i sørvest, Pélla i vest, Kilkís i nord, Sérres i aust og Khalkidikí i sør.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Thessaloníki prefektur vart danna då Thessaloníki vart ein del av Hellas under den første balkankrigen i 1913. Området var då det største prefekturet i Hellas og dekte 7 % av det totale arealet. Pélla vart skild ut i 1930, Kilkís i 1937 og etter den andre verdskrigen, i 1947, vart Imathía og Piería òg skild ut. Det var likevel det nest største prefekturet i Hellas, og det største i Makedonia og Nord-Hellas. Frå 2011 er det tidlegare prefekturet ei periferieining.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Thessaloníki har middelhavsklima med varme somrar og kjølige til milde vintrar i lågtliggande område. Snø er derimot vanleg i område over 500 m.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var Thessaloníki eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i 14 kommunar.[2]

Periferieining Kommune Tidlegare
kommune
Postnummer Retningsnr
Thessaloníki Thessaloníki Thessaloníki 54x xx & 55x xx 2310-2 til 6
Triandriá 553 2310-90 til 99
Kalamariá Kalamariá 551 2310-40 til 49
Neápoli-Sykiés Ájos Pávlos 554 2310-20 & 21
Neápoli 562 2310-60 til 68
Pévka 570 10 2310-67
Sykiés 566 2310- 20 til 29 og 60 til 69
Pávlos Melás Stavroúpoli 564 2310-60 til 69
Políkhni 565 2310-60 til 68
Evkarpía 564 2310-68
Ambelókipi-Meneméni Ambelókipi 561 2310-72 til 74
Meneméni 561 2310-70 til 79
Kordelió-Évosmos Elevthério-Kordelió 562 2310-70 til 77
Évosmos 562 2310-57 og 70
Délta Axiós 573 00 23910-4
Khalástra 573 00 2310-742
Ekhédoros 570 08 2310-78
Khalkidóna Ájos Athanásios 570 03 2310-70
Koufália 571 00 23950-5
Khalkidóna 570 07 23910-
Oreókastro Oreókastro 570 13 2310-69
Mygdonía 545 23940-73
Kallithéa 545 2310-78
Lagadás Sokhós 570 05 23950-
Ássiros 572 00 23940-6
Kallíndia 570 12 23930-3
Korónia 570 12 23930-2
Vertískos 572 00 23940-9
Lagadás 572 00 23940-2
Lakhanás 570 14 23940-9
Pyléa-Khortiátis Panórama 552 2310-34
Pyléa 552 2310-30 til 39
Khortiátis 570 10 2310-35
Vólvi Ájos Jeórjos 570 21 23970-2
Apollonía 570 15 23930-4
Aréthousa 570 21 23950-4
Egnatía 573 00 23930-5
Mádytos 570 14 23970-4
Rendína 570 10 23970-6
Thérmi Vasiliká 570 06 23960-2
Thérmi 570 01 2310-41
Míkra 575 00 23920-6
Thermaikós Epanomí 575 00 23920-4
Mikhanióna 570 04 23920-3
Thermaikós 570 19 23920-2

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

Tettstad Kommune Folketal 2011[1]
Thessaloníki Thessaloníki 789 191
Oreókastro Oreókastro 20 852
Peréa Thermaikós 18 326
Panórama Pyléa-Khortiátis 17 444
Thérmi Thérmi 16 004
Diavatá Délta 9 890
Síndos Délta 9 289
Epanomí Thermaikós 8 979
Néa Mikhanióna Thermaikós 8 775
Koufália Khalkidóna 7 850
Lagadás Lagadás 7 764
Khalástra Délta 7 270
Trílofos Thérmi 7 227
Asvestokhóri Pyléa-Khortiátis 6 392
Néi Epivátes Thermaikós 5 984
Fílyro Pyléa-Khortiátis 5 495
Plajári Thérmi 5 392
Ájos Athanásios Khalkidóna 4 967
Khortiátis Pyléa-Khortiátis 4 873
Kalokhóri Délta 4 672
Néa Magnisía Délta 4 266
Néa Redestós Thérmi 3 869
Vasiliká Thérmi 3 762
Stavrós Vólvi 3 672
Drymós Oreókastro 3 659
Kýmina Délta 3 652
Lagyná Lagadás 3 591
Kardiá Thérmi 3 394
Lití Oreókastro 3 302
Melissokhóri Oreókastro 3 287
Khalkidóna Khalkidóna 3 094
Sokhós Lagadás 3 094
Jéfyra Khalkidóna 3 059
Néa Mesimvría Khalkidóna 3 050
Ajía Triáda Thermaikós 3 023
Néo Rýsio Thérmi 2 952
Asproválta Vólvi 2 838
Anatolikó Délta 2 589
Néa Vrasná Vólvi 2 556
Néa Málgara Délta 2 404

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]