Hjartepose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Perikard)

Hjarteposen eller perikard (av latin pericardium, frå gresk peri, 'omkring' og kardia, 'hjarte') er ein dobbeltvegga pose av serøse hinner som omfamnar hjartet. Det ytre bladet blir kalla det parietale, medan det inste blir kalla det viscerale. Mellom desse blada finst det litt væske. Posen syter for at hjartet kan endre form og flytte seg, utan å yte friksjon mot omgjevnadane. Ved betennelse i hjarteposen, perikarditt, vil ein kunne få gnidingslydar og smertar. Opphoping av væske (eksudat) i hjarteposen kan gje tamponade av hjartet, slik at det ikkje lenger kan røre seg fullt ut.

Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.