Periodisk i matematikk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Periode i matematikk)
Periodisk i matematikk er noko som gjentek seg regelmessig og uforandra utan opphøyr. Ein periodisk desimalbrøk er til dømes ein uendeleg desimalbrøk der ei avgjort gruppe siffer stadig gjentar seg. Til dømes 1/7 = 0,142857142857... Her er perioden 142857. Eit rasjonalt tal kan alltid skrivast som ein periodisk desimalbrøk.
Sjå òg [endre]
Kjelder [endre]
- periodisk. (2012-01-17) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/periodisk/matematikk