Perlehøns

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Perlehøns
Gribbperlehøne, Acryllium vulturinum Foto: Flikr-brukar: putneymark
Gribbperlehøne, Acryllium vulturinum
Foto: Flikr-brukar: putneymark
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Infrarekkje: Kjevemunnar Gnathostomata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Hønsefuglar Galliformes
Familie: Perlehøns Numididae
de Selys Longchamps, 1842

Perlehøns er ein fuglefamilie i den biologiske ordenen Galliformes, hønsefuglar. Dei har naturleg utbreiingsområde i Afrika, men hjelmperlehøne har vore domestisert og både fjørfeforma og ville fuglar har blitt introduserte andre stader i verda.

Dette er ein familie av insektetarar og frøetarar, bakkehekkande fuglar som liknar mange artar i fasanfamilien, men perlehøns har generelt fjørlaust hovud, jamvel om begge medlemmer av slekta Guttera har ein karakteristisk svart kam, og gribbperlehøne har ein dunete brun flekk på nakken.

Parykkperlehøne, Guttera pucherani
Foto: Derek Keats

Dei fleste artane av perlehøns har ei mørk grå eller gråsvart fjørdrakt med tette, kvite flekker, men begge medlemmene av slekta Agelastes manglar flekkene. Medan fleire artar er relativt godt utforska, er bustperlehøne og dei to medlemmene av slekta Agelastes enno relativt lite kjente.

Hos artar der ein kjenner leveviset finn ein jamt over monogami, pardanning for livet. Likevel har sporadisk bigami vore registrert for hjelmperlehøne. Alle perlehøneartar er sosiale, og lever vanlegvis i små grupper. Hjelmperlehøne og gribbperlehøne lever helst i opne eller halvopne habitat, dei andre artane finst hovudsakleg i skogshabitat.

Dei er store fuglar som måler 40-71 centimeter, og veg 700-1600 gram.

Fylogeni[endre | endre wikiteksten]

Nolevande Galliformes etter John Boyd.[1]

Numididae (perlehøns)

Guttera




Numida




Acryllium



Agelastes





Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Perlehøns i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]

Slekt Agelastes

Slekt Numida

Slekt Guttera

Slekt Acryllium

  • Gribbperlehøne, Acryllium vulturinum, Vulturine Guineafowl, LC, Hardwicke, 1834

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Boyd, John (2007). «GALLIFORMES- Landfowl». Henta 30 December 2015. 
  2. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 26. april 2014 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Perlehøns