Perpignan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Perpignan
Perpignan.jpg
Byvåpenet til Perpignan
Byvåpenet til Perpignan
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Languedoc-Roussillon
Pyrénées-Orientales
Først nemnd i 927
Geografi
Flatevidd
 - By

68,07 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik
 - Storbyområde

105 115
  1 544/km²
249 016
Koordinatar 42°41′55″N 2°53′44″EKoordinatar: 42°41′55″N 2°53′44″E
Høgd over havet 30 m
Diverse anna
Nettstad: www.mairie-perpignan.fr
Plassering
Perpignan dot.jpg

Perpignan (katalansk Perpinyà) er ein by i sør i Frankrike ved kysten av Middelhavet. Han er préfecture (hovudstad) i departementet Pyrénées-Orientales. Perpignan var hovudstad i den tidlegare franske provinsen Roussillon. Han var òg hovudstad i eit historiske comarque i Catalonia kalla Rosselló.

Byen har eit folketal på like over 100 000 innbyggjarar, og etter ei folketeljing i 1999 hadde storbyområdet 249 016 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det har vore busetnadar her sidan romartida, men mellomalderbyen Perpignan ser ut til å ha vorte grunnlagd i byrjinga på 900-talet (først nemnd i dokument som villa Perpiniarum i 927). Perpignan vart snart hovudstaden til hertugane i Roussillon. I 1172 testamenterte grev Girard II landområda sine til grevane i Barcelona. Perpignan fekk delvis sjølvstyre i 1197. Louis IX enda dei franske lensrettane over Rousillon i Freden i Corbeil i 1258.

Jakob Erobraren, konge av Aragon og grevane i Barcelona oppretta Kongedømet Mallorca i 1276 vart Perpignan houvdstad for fastlandsområda til den nye staten. Dei påfølgjande tiåra vert rekna som gullalderen for byen. Han hadde stor framgang som senter for klesproduksjon, lêr, gullsmedarbeid og andre luksushandverk. Kong Filip III av Frankrike døydde her i 1285 då han kom tilbake etter eit mislykka krosstog mot den aragonesiske kongen.

I 1344 annekterte Peter IV av Aragon Kongedømet Mallorca og Perpignan vart igjen ein del av Hertugdøme Barcelona. Eit par år seinare omkom om lag halvparten av innbyggjarane som følgje av Svartedauden. Han vart åtaka og okkupert av Louis XI av Franrkike i 1463. Eit valdeleg opprør mot det franske styret i 1473 vart brutalt slått ned på etter ei lang omleiring, men i 1493 gav Karl VIII av Frankrike byen tilbake til Ferdinand II av Aragon i eit ønske om forsoning med Spania og for at han då fekk sjans til å invadere Italia.

Byen vart igjen omleira og tatt tilbake av Frankrike under Trettiårskrigen i september 1642, og Perpignan vart formelt avstått frå Spania 17 år seinare i Freden i Pyreneane, og har sidan den gong vore ein del av Frankrike.

Vidkjende personar frå Perpignan[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Perpignan