Persiabukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilde av Persiabukta.
Foto: NASA

Persiabukta er ei bukt frå Det indiske havet som ligg mellom Iran og Den arabiske halvøya. Bukta er rundt 1000 km lang og 350 km brei på det breiaste. Gjennomsnittleg djupne er om lag 40 meter, største djupna er rundt 110 meter. Persiabukta er eitt av dei varamaste hava i verda (augusttemperaturen er 35 °C) og ser ofte kraftige stormar. Stor fordamping gjer henne også til eit av dei saltaste havområda i verda.

Kart over Persiabukta.

Inst i bukta ligg Irak og munningen av Shatt al-Arab (Arvand Rud), som blir danna av at Eufrat og Tigris renn saman. I nord grensar ho mot Iran og i sør mot Qatar, Saudi-Arabia, øyriket Bahrain, Dei sameinte arabiske emirata og Oman. Bukta er forbunden med Det arabiske havet gjennom Hormuzsundet.

Persiabukta har sidan oldtida vore eit viktig ledd for handel og kontakt mellom middelhavslanda og Austen.

Bukta vert òg kalla Persiagolfen, Den persiske bukta eller Den persiske gulfen. Namnet er omstridd: Panarabistiske rørsler bruker gjerne namn som «Arabiabukta» eller «Den arabiske bukta», medan ho blir kalla Basra-bukta i Tyrkia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]