Persianar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karakuljakkar med revekragar

Persianar er pelsverk av skinn (huda med håra på) frå nyfødde lam av karakulsau. Lamma vert vanlegvis slakta det første døgeret, seinast innan 10 døger. Når lamma er så små, har dei slike krullar og mønster i pelsen som er karakteristiske for persianar-pelsverket. Denne typen pelsverk vart opphavleg produsert i Russland og Afghanistan, men produksjonen går no føre seg fleire stader. I alle land der slikt pelsverk vert produsert, er det forbod mot å betre kvaliteten på pelsverket ved å gjere noko med søya for at ho skal kaste lamma før tida.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Persianar