Person

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Person er ein grammatisk kategori ved pronomena, som i språk med rik morfologi også kan bli uttrykt på verb og substantiv. Dei fleste person-systema har tre trekk, første person, som refererer til talaren, andre person som refererer til tilhøyraren, og tredje person, som refererer til nokon som er verken talar eller tilhøyrar.

I fleirtal refererer første person til talaren og ein eller fleire andre, andre person til tilhøyraren og ein eller fleire andre (men ikkje talaren), og tredje person til nokon som er verken talar eller tilhøyrar. I visse språk finst det eit meir samansett personsystem i fleirtal, der dei skil mellom inkluderande første person og ekskluderande første person, der den første refererer til talar og tilhøyrar (og kanskje andre), mens den andre refererer til talar og andre personar, men ikkje til tilhøyraren.