Personsøkjar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Forkjellige personsøkjarar

Ein personsøkjar er eit mobilt apparat som kan motta enkle meldingar i form av radiosignal som vert sende frå til dømes ein telefon. Personsøkjaren fungerer berre éin veg, slik at han berre kan ta imot meldingar (ikkje senda og kvittera for meldingar). Personsøkjaren var det fyrste mobile teleutstyret som vart populært i marknaden og var eit særs nyttig hjelpemiddel før mobiltelefonen var allemannseige, sidan han gjorde det mogeleg å nå folk i farten på ein enkel måte. Dei kunne ta imot eit telefonnummer og så gå til den næraste fasttelefonen og ringja attende.

Som offentleg teneste har meldings- og tekstfunksjonane på mobiltelefonen fullstendig teke over bruksfelta til personsøkjaren. Somme verksemder, som til dømes sjukehus, har framleis interne personsøkjartenester med «biparar» eller «summarar» som varslar medarbeidarar om at dei må ta kontakt.

Televerket dreiv ei offentleg personsøkjarteneste frå 1984. I 1986 dekte tenesta landet slik at 70 % av befolkninga hadde tilgjenge. Tenesta vart nedlagd 1. september 2003 etter mindre enn 20 år i drift.