Perustormsvale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Perustormsvala)
Perustormsvale
Perustormsvale
Perustormsvale
Utbreiing
Utbreiinga av perustormsvale
Utbreiinga av perustormsvale
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormsvalefamilien Hydrobatidae
Slekt: Hydrobates
Art: Perustormsvale H. markhami
Vitskapleg namn
Hydrobates markhami

Perustormsvale (Hydrobates markhami) er ein liten sjøfugl, men stor medlem av stormsvalefamilien. Arten har beiteområdet sitt i den tropiske sona av austlege Stillehavet, utanfor nordlege Chile nordover til farvatna vest for Mellom-Amerika.[1]

Dette er ei stor og slank stormsvale, ca. 21-23 centimeter med eit vengespenn mellom 49 og 54 cm. Fjørdrakta er svart til sotbrun med eit gråaktig vengband som spring diagonalt over oversida av vengene. Ein annan medlem av stormsvalefamilien liknar i fjørdrakt og storleik, dette er bajastormsvale (Hydrobates melania), og kan vere vanskeleg å skilje frå perustormsvale.

Som kolonihekkar hekkar arten i naturlege sprekker og holrom i bakken i Nord-Chile og Peru. Desse holromma finst i ei skorpe av salpeteravsettingar danna i saltrike miljø kor vatnet har fordampa. Den første kjende kolonien vart først rapportert på Paracas-halvøya i Peru så seint som i 1992,[2] ein venta då at fleire koloniar enno ikkje var oppdaga. Ifølgje dagens kunnskap etter funn publisert i 2015 til 2019 hekkar dei fleste perustormsvaler i Chile;[3] meir enn nitti prosent av dei kjende koloniane finst i Chile, langt dei fleste i Atacama-ørkenen.[1] Para produserer eitt egg per sesong, som blir lagd på berr bakke utan hekkemateriale. Foreldra kjem til og forlèt reirplassen berre i nattemørket. Tidspunktet for hekkesesongen varierer både innanfor og mellom koloniar, av ukjende årsaker. Dietten til perustormsvala består av fisk, blekksprut og krepsdyr; rundt ti prosent av mageinnhaldet kan sporast til organisk avfall.[4]

Arten er oppført som nær trua av Verdas naturvernunion (IUCN). Trass i den relativt store populasjonen, estimert til mellom 150 000 og 180 000 individ i 2019, er arten trudd å vere i tilbakegang. Det primære trugsmålet er utvinning av salpeter frå områda der stormsvala har hekkehabitat.[1]

Ornitologen Osbert Salvin skildra først perustormsvale som Cymochorea markhami i 1883.[5][6] Det vitskapelege namnet markhami er etter Albert Hastings Markham, ein britisk oppdagingsreisande og marineoffiser som samla typeeksemplaret utanfor kysten av Peru.[7] Det norske artsnamnet vart publisert i 2008 då dei einaste kjende hekkestadene var i Peru.[8]

Ei forskargruppe skildra fuglen i 2019 som «ein av dei minst kjende sjøfuglane i verda».[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 BirdLife International (2024) Species factsheet: Hydrobates markhami. Henta 9. mars 2024
  2. Tobias, Joseph A and Butchart, Stuart HM and Collar, Nigel J (2006). «Lost and found: a gap analysis for the Neotropical avifauna». Neotropical Birding 1: 4––22. 
  3. Schmitt, Fabrice and Barros, Rodrigo and Norambuena, Heraldo (2015). «Markham’s Storm Petrel breeding colonies discovered in Chile». Neotropical Birding 17: 5––10. 
  4. García-Godos, Ignacio; Goya, Elisa; Jahncke, Jamie (2002). «The Diet of Markham's Storm Petrel Oceanodroma markhami on the Central Coast of Peru» (PDF). Marine Ornithology 30: 77, 79, 81–82. Arkivert frå originalen (PDF) April 26, 2018. 
  5. Murphy, Robert Cushman (1936). Oceanic Birds of South America: A Study of Species of the Related Coasts and Seas, Including the American Quadrant of Antarctica, Based upon the Brewster-Sanford Collection in the American Museum of Natural History 2. The Macmillan Company. s. 739–741. 
  6. Salvin, Osbert (1883). «List of the birds collected by Captain A. H. Markham on the west coast of America». Proceedings of the Zoological Society of London 1883 (Part 3): 419–432 [430]. Arkivert frå originalen 28. mars 2023. Henta 2. juni 2020. 
  7. Drucker, J.; Jaramillo, A. (2020). Schulenberg, Thomas S, red. «Markham's Storm-Petrel Hydrobates markhami». Birds of the World (Cornell Lab of Ornithology). doi:10.2173/bow.maspet.01. Arkivert frå originalen 26. november 2020. Henta 31. mai 2020. 
  8. «Alle verdens fuglenavn på norsk, første utgave, publisert 21. mai 2008». Norsk navnekomité for fugl (NNKF), Norsk Ornitologisk Forening (NOF), i dag Birdlife Norge. 21. mai 2008. 
  9. Barros, Rodrigo; Medrano, Fernando; Norambuena, Heraldo V.; Peredo, Ronny; Silva, Rodrigo; de Groote, Felipe; Fabrice, Schmitt (2019). «Breeding phenology, distribution and conservation status of Markham's Storm-Petrel Oceanodroma markhami in the Atacama Desert». Ardea 107: 75, 77–79, 81. doi:10.5253/arde.v107i1.a1. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]