Pervez Musharraf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pervez Musharraf
urdu پرویز مشرف
Pervez Mushrraf2 crop.jpg
President av Pakistan
Regjeringstid (Chief Executive frå 12. oktober 1999)
20. juni 2001
Fødd 29. mai 1917 i Daryaganj i Delhi
Føregjengar Muhammad Rafiq Tarar
Gift med Begum Sehba Musharraf
Born Bilal Musharraf
  • Ayla Raza

Pervez Musharraf (fødd 11. august 1943) er ein tidlegare general og leiar av Pakistan.

Musharraf tok makta i Pakistan som sjølvutnemnd Chief Executive den 12. oktober 1999 og som president frå 20. juni 2001. Han var leiar for det pakistanske militæret frå 1998 fram til han gjekk av i november 2007. I august 2008 trekte han seg som president etter trugsmål om å stillast for riksrett.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Musharraf blei fødd i Daryaganj i Delhi i det noverande India, då Britisk India, og flytta med familien sin til Pakistan då den britiske kolonien blei delt og fekk sjølvstende i 1947. Frå 1949 til 1956 budde familien i Tyrkia, der faren var yrkesdiplomat.

Militær karriere[endre | endre wikiteksten]

Musharraf gjekk inn i den pakistanske hæren i 1964, og kjempa i krigane mot India i 1965 og 1971. Han underviste seinare ved den militære høgskulen i Quetta og fekk vidare utdanning ved Royal College of Defence Studies i London.

Etter å ha hatt fleire leiande stillingar i hæren blei Musharraf utnemnd til øvstkommanderande i hæren i 1998 av den dåverande statsministeren Nawaz Sharif. Året etter markerte Pakistan seg militært ved å utføra si første sprenging av kjernevåpen og gå inn i den indiske delen av Jammu og Kashmir. Kargil-krigen enda med at dei pakistanske styrkane, leia av Musharraf, måtte trekka seg ut grunna internasjonalt press.

Nokre månader seinare, den 12. oktober 1999, forsøkte Sharif å avsetta Musharraf medan han flaug heim frå Sri Lanka. Militæret tok då over makta på flyplassen, slik at generalen kunne landa, og andre regjeringsbygg. Deretter blei Musharraf leiar, i følgje seg sjølv motvillig, for nok eit pakistansk militærdiktatur.

Etter sterkt internasjonalt press sa Musharraf frå seg stillinga som stabsleiar den 27. november 2007, og visekommanderande Ashfaq Kiyani overtok stillinga.

Statsleiar[endre | endre wikiteksten]

Musharaff blei først Chief Executive og den 20. juni 2001 president av Pakistan. Sjølv om han lova ei gradvis tilbakevending til folkestyre, oppløyste Musharraf nasjonalforsamlinga i 2002, innførte endringar i grunnloven og ga seg sjølv retten til å utnemna høgsterettsdommarar og militærleiarar. Som styringsorgan oppnemnde han Det nasjonale tryggingsrådet (National Security Council) med dei øvste leiarane av militæret og politikken som medlemmer. I ei folkerøysting i oktober same året blei Pervez Musharraf vald som president i fem nye år, men opposisjonen boikotta røystinga, og under 30 % deltok.

I 2007 tilspissa to konfliktar seg for styret til Musharraf, som møtte motstand frå både juridisk og religiøst hald. Den eine striden gjaldt høgsterettsjustitiarius Iftikhar Mohammad Chaudhry, som presidenten prøvde å avsetta i mars det året. Handlinga førte til store protestar og demonstrasjonar frå advokatar og andre pakistanarar. Den andre saka gjaldt den aggressivt islamistiske raude moskeen i Islamabad, som til slutt blei storma av styresmaktene den 10. juli.

3. november 2007 erklærte Musharraf unntakstilstand i Pakistan etter at Høgsterett ikkje ville godkjenna attvalet av han som president. 29. november blei han teken i eid som president for sin andre periode, to dagar etter at han hadde gått av som militærleiar.

I løpet av 2008 blei det eit stadig sterkare press mot Musharraf, frå politikarar såvel som juriststanden. I august blei regjeringspartia i landet einige om å stilla presidenten for riksrett. 18. august 2008 heldt Musharraf ein fjernsynstale der han erklærte at han kom til å gå av som president.

Syn på Musharraf[endre | endre wikiteksten]

Musharraf med den amerikanske utanriksministeren Condoleezza Rice på vitjing i Pakistan i 2006.

Musharraf var ønska velkomen av mange pakistanarar og utanlandske styresmakter, som såg på han som ein moderat og stabiliserande leiar i eit land som var plaga av lovlaus muslimsk fundamentalisme og korrupsjon. Samstundes var han i byrjinga støtta av pakistanske islamistar, som tradisjonelt har hatt eit godt tilhøve til militæret i Pakistan.

Eit moderat Pakistan blei ein viktig samarbeidspartnar for USA og allierte etter åtaka på World Trade Center i New York i 2001, og dei to landa samarbeida om åtak på islamistifiserte stammeområde ved grensa med Afghanistan. Samarbeidet har fått mange islamistar til å sjå på Musharraf som ein forrædar, og han har vore utsett for fleire attentatforsøk.

Pakistan under leiinga til Musharraf er også blitt skulda for å støtta geriljaåtak i Indisk Kashmir og terroriståtak elles i India, som storåtaket på bybanen i Mumbai den 11. juli 2006. Han er også blitt skulda for å ha spreidd atomvåpen i strid med Ikkjespreiingsavtalen.

Medan det er kome mykje kritikk frå det internasjonale samfunnet mot militærstyret til Musharraf, kunne han fortsetja som diktator av landet i ei årrekke utan store problem. Dei viktigaste pakistanske opposisjonsleiarane, Benazir Bhutto og Nawaz Sharif, var i eksil, og Pakistan var inkludert i omverda. I 2007 blei protestane sterkare, mellom anna blei Pakistan utestengd frå Det britiske samveldet den 25. november 2007, og opposisjonsleiarane vende tilbake — sjølv om den korrupsjonskulda Sharif straks blei send ut igjen.

Privat[endre | endre wikiteksten]

Musharraf er gift med Sehba Musharraf og har to barn. Han er glad i idrett og speler squash, badminton og golf, og har tidlegare drive med kanopadling. Generalen er også interessert i militærhistorie.

Musharraf har markert seg som ein tydeleg sekulær muslim ved å openbert bryta muslimske tabu ved å drikka alkohol og ha hundar som kjæledyr.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pervez Musharraf

Kjelder[endre | endre wikiteksten]