Pervouralsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pervouralsk
Первоуральск
Flagget til Pervouralsk Byvåpenet til Pervouralsk
Flagget til Pervouralsk Byvåpenet til Pervouralsk


Plassering
Pervouralsk is located in Russland
Pervouralsk is located in Sverdlovsk oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Sverdlovsk oblast
Grunnlagd
Bystatus
1732
1933
Borgarmeister Maksim Fjodorov
Geografi
Flatevidd
 - By

66 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

133 600
  2 024,2 /km²
Koordinatar 56°55′″N 59°57′″EKoordinatar: 56°55′″N 59°57′″E
Høgd over havet 283 moh
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC+5)
YEKST (UTC+6)
Diverse annan informasjon
Postnummer 623100–623159
Retningsnummer (tlf) (+7)34392
Nettstad: www.pervouralsk.ru/

Pervouralsk (russisk Первоура́льск) er ein by i Sverdlovsk oblast i Russland. Byen ligg ved elva Tsjusovaja, ei sideelv til Kama, rundt 40 km vest for Jekaterinburg, og har om lag 130 000 innbyggjarar (2007).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Soga til Pervouralsk startar i 1730 då Vasilij Demidov starta bygginga av eit jernverk på staden. Rundt fabrikken vart det i 1732 grunnlagt ein busetnad kalla Vasiljevsko-Sjajtanskij (russisk Васильевско-Шайтанский). I 1933 fekk busetnaden bystatus og endra samstundes namn til Pervouralsk, som tyder 'den første i Ural'.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Pervouralsk har nest etter Jekaterinburg den raskast veksande økonomien i Sverdlovsk oblast, med ein årleg vekst i industriproduksjonen på 25-30 % og ein årleg omsetnadvekst i detaljhandelen på 20 %. Som følgje av dette er arbeidsløysa i byen særs låg, rundt 1 % og talet på ledige stillingar har vore høgare enn talet på arbeidsledige. Den største arbeidsgjevaren i byen er røyrprodusenten Pervouralskij Novotrubnyj Works.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pervouralsk
  • [www.pervouralska.net/ Informasjonsportal]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]