Pet Sounds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pet Sounds
Studio av The Beach Boys
Utgjeve 16. mai 1966
Innspelt 12. juli 1965; 1. november 1965 til 13. april 1966 ved Western Studios, Gold Star Studios og Sunset Sound Studios
Sjanger Sunshine pop, kunstrock, barokk pop, psykedelisk pop, psykedelisk rock
Lengd 35:58
Selskap Capitol
Produsent Brian Wilson
Kritikk
The Beach Boys-kronologi
Beach Boys' Party!
(1965)
Pet Sounds Smiley Smile
(1967)

Pet Sounds er det ellevte studioalbumet til det amerikanske popbandet The Beach Boys. Det kom ut 16. mai 1966 på Capitol Records. Albumet er av mange trekt fram som eit av dei viktigaste albuma som er gjeven ut i vestlege popmusikk og har av mange musikkmagasin vorte rangert som det beste og største albumet gjennom tidene, mellom anna av New Musical Express, The Times og Mojo.[1][2][3] I 2003 vart albumet rangert på andreplass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[4] I følgje Acclaimedmusic.net er Pet Sounds det mest anerkjende albumet nokon gong av musikkjournalistar.[5]

Pet Sounds vart skapt fleire månader etter at Brian Wilson hadde trekt seg frå turnelivet med bandet for i staden å fokusere heilt på låtskrivinga.[6] Han nytta gjennomarbeidde lag med vokalharmoniar, lydeeffektar, uvanlege instrument som sykkelbjøller, summande orgel, cembalo, fløyter, theremin og hundefløyte, i tillegg til vanlege instrument som tangentinstrument og gitarar.[7]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sporet «Sloop John B» vart spelt inn nokre månader før resten av albumet, men vart særs viktig i utviklinga av albumet. Det var ein tradisjonell karibisk folkesong som Al Jardine hadde teke med seg til bandet.[8] Wilson spelte inn instrument 12. juli 1965, men etter å ha spelt inn eit forsøk på vokal, la han songen til side ei stund og konsentrerte seg på innspelinga av det neste albumet deira, eit «live i studio»-album kalla Beach Boys' Party!.

Det som verkeleg framskunda skapinga av Pet Sounds var den amerikanske utgåva av det nye albumet til The Beatles, Rubber Soul, som kom ut i desember 1965. Wilson vart særs imponert over dette albumet og følte seg kalla til å gjere eit fantastisk album sjølv.[9]}}

Tidleg i januar 1966 tok Wilson kontakt med Tony Asher, ein ung tekstforfattar som hadde skrive vignettar for radio og som Wilson hadde møtt i platestudio i Hollywood nokre månader tidlegare. Ti dagar seinare skreiv dei i lag. Wilson spelte han noko av musikken han hadde spelt inn og gav han ein kassett med ferdiginnspelt lydspor for ein song med arbeidstittelen «In My Childhood». Wilson hadde skrive tekstar, men ville ikkje vise desse til Asher som tok imot musikken og skreiv nye tekstar. Resultatet fekk namnet «You Still Believe in Me» og Wilson vart overbevist om at Tony Asher var samarbeidspartnaren han hadde leita etter.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste av songane på albumet vart skriven i desember 1965 og januar 1966. Dei fleste tekstane var skriven med Tony Asher, men «I Know There's an Answer» vart skriven i lag med ein ny medarbeidar Terry Sachen.[10]

Mike Love er tilskriven som medlåtskrivar på opningssporet «Wouldn't It Be Nice» og på «I Know There's an Answer», men bortsett frå «I'm Waiting for the Day»,[10](opphavleg skriven i february 1964) hadde han minimale bidrag.[10]

Love var i lag med Dennis Wilson og Al Jardine forbløffa over den nye stilen til Brian (og tekstane til Asher) då dei kom tilbake frå ein turne i Asia for å spele inn vokal til albumet. Love var særleg opprådd over at Brian fullstendig hadde utelate «raske bilar, søte jenter og solrike strender» frå tekstane, som bandet hadde vore kjende for heilt opp til dette albumet.

Det største bidraget til Love på «I Know There's an Answer» skal visstnok ha vore at han var sterkt imot den opphavlege tittelen på songen, «Hang On to Your Ego» og at songen måtte delvis skrivast om. Den opphavlege teksten skapte oppstyr i bandet sidan han var skriven under sterk påverknad av LSD. Avgjersla om å endre teksten vart likevel teken av Brian Wilson sjølv.[11]

Albumet inneheld to sofistikerte instrumentalar, «Let's Go Away for Awhile» og tittelsporet «Pet Sounds». Begge desse hadde vorte spelt inn som instrumentalspor for eksisterande songar, men då albumet var nesten ferdig valde Wilson å ta dei med utan vokal.

Innspelinga[endre | endre wikiteksten]

Wilson arbeidde raskt gjennom januar og tidleg februar 1966 med å spele inn akkompagnement for dei nye songane. Då dei andre medlemmene i bandet kom tilbake frå ein tre veker lang turne i Japan og Hawaii, vart dei presentert med ein stor del av det nye albumet og ein musikalsk stil som skilde seg kraftig frå den tidlegare stilen deira. Både Asher og Wilson har fortalt om motstand til prosjektet frå resten av bandet, men denne gongen klarte Wilson å overbevise resten av bandet.[12]

Alt akkompagnementa for Pet Sounds vart spelt inn over fire månader i dei store studioa i Los Angeles studios (Gold Star Studios, United Western Recorders og Sunset Sound) og eit ensemble av flinke studiomusikarar, mellom anna jazzgitaristen Barney Kessel, bassisten Carol Kaye og studiotrommisen Hal Blaine. Alle spora vart produsert og arrangert av Brian Wilson. Han var òg låtskrivar eller medlåtskrivar på alle songane bortsett frå «Sloop John B».

Wilson hadde utvikla produksjonsmetodane sine over fleire år og nådde høgdepunktet under innspelinga av Pet Sounds frå seint i 1965 og tidleg i 1966. Metoden til Wilson var på ein måte bygd på den kjende «Wall of Sound»-teknikken til mentoren og rivalen hans, Phil Spector. Faktisk har Wilson fortalt at han gav albumet namn etter initialane til Spector.[13] Med ein ny åttesporsopptakar frå Ampex produserte Wilson komplekse spor med ei gruppe studiomusikarar som stundom har vorte kalla The Wrecking Crew.[14]

Den typiske produksjonsmetoden til Wilson på Pet Sounds var å spele inn akkompagnementet for kvar song live og direkte på ein firesporsopptakar. Lydteknikaren hans, Larry Levine, har òg fortalt at Wilson miksa desse lydspora på direkten medan opptaket gjekk føre seg. Som Spector var Wilson ein pioner når det gjaldt å nytte «studio som eit instrument». Han utnytta kombinasjonen av forskjellige lydar frå forskjellige elektriske instrument og akkompagnementet og nytta effektar som ekko og gjenklang. Han dobla ofte bass, gitar og tangentinstrument og blanda dei med gjenklang og ofte uvanlege instrument.

Desse akkompagnementa vart så lagt ned på eit spor på eit åttesporsopptakar og sjølv om mange av arrangementa vart skjult av den rike vokalen til bandet, arrangerte Wilson songane slik at dei samhandla med vokalspora.

Sjølv om Wilson ofte hadde heile arrangementet i hovudet sitt på førehand har lydopptak frå innspelingane synt at han var usedvanleg open for forslag frå musikarane sine. Han tok ofte imot råd og forslag frå dei og let forskjellige «feil» la stå om det var slik at dei gav eit interessant resultat.

Sjølv om songane vart spelte inn i fleire spor, miksa Wilson alltid den siste utgåva av songane i mono, slik Phil Spector gjorde. Det var fleire årsaker til dette. Han følte at ein monomaster gav meir lydmessig kontroll over sluttresultat som lyttaren høyrde uansett kva høgtalarsystem lyttaren hadde. I tlilegg var radio og fjernsyn i mono i dei dagar, samt at få kjøparar hadde anna enn monoustyr i heimane sine. I tillegg var Wilson nesten døv på høgre øyre.

To dagar etter at bileta til plateomslaget var tekne, var Wilson tilbake i studio med studiomusikarane sine og la ned dei første opptaka av den nye songen sin, «Good Vibrations».[12] Rundt 23. februar gav Wilson ei sporliste av albumet til Capitol som inneheldt både «Sloop John B» og «Good Vibrations». Wilson arbeidde gjennom februar og mars med å fininnstille akkompagnementet til songane, men etter kvart tok han bort «Good Vibrations» frå spelelista, fordi han ønskte å bruke meir tid på han, noko resten av bandet ikkje var heilt einige i.[12]

Det meste av mars og tidleg april gjekk med til dei gjenverande songane og til innspelinga av vokalen, noko som var ein nitidig prosess.[12]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

I midten av april var Pet Sounds ferdig og gjeven til Capitol. «Caroline, No» vart gjeven ut som ein solosingel, tilskriven Brian Wilson aleine, noko som førte til spekulasjonar om at han var på veg ut av bandet. Singelen nådde 32. plass i USA.[15]

«Sloop John B» vart ein stor hit, og nådde tredjeplass i USA[15] og andreplass i Storbritannia.[16]. I Noreg gjekk singelen heilt til topps. «Wouldn't It Be Nice» nådde åttandeplass i USA.[15] B-sida, «God Only Knows» gjekk heilt til andreplass i Storbritannia og sjetteplass i Noreg,[16] men berre 39. plass i Statane.[15] Albumet gjekk inn på Topp 10 i USA.

Pet Sounds oppnådde største suksess i Storbritannia der det nådde andreplass på albumlista.[16] Albumet fekk stor støtte av den britiske musikkindustrien. Paul McCartney talte ofte om kor mykje albumet hadde påverka The Beatles.

Som med Beach Boys' Party! klarte Pet Sounds likevel ikkje å oppnå gullplatestatus då det kom ut i USA. Dette og tiandeplassen var ein stor skuffelse for Wilson. Ein del av skulda har Capitol Records fått, som ikkje gjorde like mykje for å fremme albumet som med tidlegare album. Pet Sounds selde etter kvart såpass at det fekk gullplate og i 2000 vart det platinaplate.[17]

Nye utgåver[endre | endre wikiteksten]

I 1900 kom Pet Sounds på CD med tre bonusspor, «Unreleased Backgrounds», «Hang On to Your Ego» og «Trombone Dixie».[18]

I 1997 kom boksen The Pet Sounds Sessions som inneheldt den originale monoutgåva, den første stereoutgåva og tre CDar med unytta spor og øvingar.[19] Stereomiksen vart gjeven ut på vinyl og CD i 1999 og igjen i 2001 i lag med monoutgåva og «Hang On to Your Ego» som bonusspor.[19]

I 2002 spelte Brian Wilson heile albumet på ein konsertturne og innspelingar vart gjeven ut som Pet Sounds Live.[20]

I 2006 gav Capitol ut Pet Sounds 40th Anniversary CD+DVD. Denne samlinga inneheld ein ny monomiks frå 2006, DVD-miksar (stereo og kringlyd) og ein dokumentar om innspelinga av plata.[21]

I 2008 kom ei enkel LP-utgåve på vinyl med ein kopi av det opphavlege plateomslaget.[22]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Albumet selde ikkje så veldig bra, men har sidan vore eit av dei viktigaste albuma som er gjeve ut. I Storbritannia vart det hylla, mellom anna av mange popstjerner som The Beatles. Dei sa at Pet Sounds hadde stor innverknad på albumet Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band og Paul McCartney har fleire gonger trekt det fram som favorittalbumet hans (med «God Only Knows» som favorittsongen)[23]

Andre artistar som har trekt fram Pet Sounds som ein av tidenes klassikarar er Eric Clapton[24], Elton John[21] og Bob Dylan.

I 1995, nesten tretti år etter det kom ut, stemnde ein jury som bestod av musikarar, låtskrivarar og produsentar samla saman av magasinet MOJO albumet til det største gjennom tidene. Det vart òg plassert på førsteplass på lista til New Musical Express over dei 100 største albuma. I 1997 vart Pet Sounds kalla det 26. beste albumet gjennom tidene i ei avstemming halde av HMV, Channel 4, The Guardian og Classic FM i Storbritannia. I 2006 stemnde lesarane av Q albumet til 18. plass over dei største gjennom tidene. Kritikarar i det tyske magasinet Spex kåra albumet til det beste på 1900-talet i 2001 og TV-kanalen VH1 hadde albumet på tredjeplass. The Times kåra òg albumet til det beste gjennom tidene. Albumet ligg på 2. plass på musikkmagasinet Rolling Stone si liste over dei 500 største albuma gjennom tidene, berre bak nettopp Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band av The Beatles. I 2004 vart albumet ei av 50 plater som vart vald ut av Library of Congress for National Recording Registry.

I 2006 vart albumet vald ut av TIME som eit av dei 100 beste albuma nokon gong med ein andreplass.[25]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Brian Wilson og Tony Asher, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Solovokal Lengd
1. «Wouldn't It Be Nice» (Wilson, Asher, Mike Love) Brian Wilson og Mike Love 2:22
2. «You Still Believe in Me»   Brian Wilson 2:30
3. «That's Not Me»   Mike Love med Brian Wilson 2:27
4. «Don't Talk (Put Your Head on My Shoulder)»   Brian Wilson 2:51
5. «I'm Waiting for the Day» (Wilson, Love) Brian Wilson 3:03
6. «Let's Go Away for Awhile» (B. Wilson) instrumental 2:18
7. «Sloop John B» (Trad. arr. Wilson) Brian Wilson og Mike Love 2:56
Side to
# Tittel Solovokal Lengd
8. «God Only Knows»   Carl Wilson 2:49
9. «I Know There's an Answer» (Wilson, Terry Sachen, Love) Mike Love, Al Jardine og Brian Wilson 3:08
10. «Here Today»   Mike Love 2:52
11. «I Just Wasn't Made for These Times»   Brian Wilson 3:11
12. «Pet Sounds» (Brian Wilson) instrumental 2:20
13. «Caroline, No»   Brian Wilson 2:52

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bandmedlemmer[endre | endre wikiteksten]

Studiomusikarar[endre | endre wikiteksten]

  • Arnold Belnick -fiolin
  • Chuck Berghofer -kontrabass
  • Hal Blaine - trommer, perkusjon
  • Norman Botnick - bratsj
  • Glen Campbell - gitar
  • Frank Capp - perkusjon
  • Al Casey - gitar
  • Ray Caton - trompet
  • Jerry Cole - gitar
  • Kyle Burkett - gitar
  • Andrew Maxson - bass
  • Gary Coleman - perkusjon
  • Mike Deasy - gitar
  • Al de Lory - piano, cembalo, orgel
  • Joseph DiFiore - bratsj
  • Justin DiTullio - cello
  • Steve Douglas - saksofon, klarinett, perkusjon, fløyte
  • Jesse Erlich - cello
  • Ritchie Frost - trommer, perkusjon
  • Carl Fortina -trekkspel
  • James Getzoff - fiolin
  • Jim Gordon - trommer, perkusjon
  • Bill Green - saksofon, fløyte, perkusjon
  • Leonard Hartman - engelsk horn, klarinett
  • Jim Horn - saksofon, fløyte
  • Paul Horn - saksofon
  • Harry Hyams - bratsj
  • Jules Jacob - fløyte
  • Plas Johnson - saksofon, perkusjon
  • Carol Kaye - bassgitar
  • Barney Kessel - mandolin, gitar
  • Bobby Klein - saksofon
  • Larry Knechtel - orgel
  • William Kurasch - fiolin
  • Leonard Malarsky -fiolin
  • Frank Marocco - trekkspel
  • Gail Martin - trombone
  • Nick Martinis - trommer
  • Terry Melcher - tamburin
  • Mike Melvoin - cembalo
  • Jay Migliori - saksofon, klarinett, fløyte
  • Tommy Morgan - munnspel
  • Jack Nimitz - saksofon
  • Bill Pitman - gitar
  • Ray Pohlman - mandolin, gitar, elektrisk bass
  • Don Randi - piano
  • Jerome Reisler - fiolin
  • Lyle Ritz - kontrabass, ukulele
  • Alan Robinson - valthorn
  • Joseph Saxon - cello
  • Ralph Schaffer - fiolin
  • Sid Sharp - fiolin
  • Billy Strange - gitar
  • Ron Swallow - tamburin
  • Ernie Tack - trombone
  • Paul Tanner - theremin
  • Darrel Terwilliger - bratsj
  • Tommy Tedesco - gitar
  • Julius Wechter - perkusjon
  • Jerry Williams - perkusjon
  • Tibor Zelig - fiolin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Pet Sounds» frå Wikipedia på engelsk, den 30. august 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Pet Sounds CD-hefte, David Leaf, c.1990 og 2001.
    • The Pet Sounds Sessions boks-hefte, David Leaf, c.1997.
    • "The Nearest Faraway Place: Brian Wilson, The Beach Boys og the Southern California Experience", Timothy White, c. 1994.
    • "Wouldn't It Be Nice - My Own Story", Brian Wilson og Todd Gold, c. 1991.
    • "Top Pop Singles 1955-2001", Joel Whitburn, c. 2002.
    • "Top Pop albums 1955-2001", Joel Whitburn, c. 2002.
    • Pet Sounds on Allmusic.com
    • Badman, Keith; Bacon, Tony The Beach Boys: The Definitive Diary of America's Greatest Band on Stage, Backbeat Books, 2004 ISBN 0-87930-818-4
    • Doe, Andrew; Tobler, John Brian Wilson og The Beach Boys: The Complete Guide to Their Music, Omnibus Press, 2004 ISBN 1-84449-426-8 с. 46-53
  1. «New Musical Express writers Top 100 albums». NME. 2. oktober 1993. http://www.rocklistmusic.co.uk/nme_writers.htm#100_93. Henta 30. august 2009. 
  2. «The 100 Greatest albums Ever Made». Mojo. http://www.rocklistmusic.co.uk/mojo.html. Henta 30. august 2009. 
  3. «The Times All Time Top 100 albums». The Times. http://www.rocklistmusic.co.uk/times100.htm. Henta 30. august 2009. 
  4. «The 500 Greatest albums of All Time». Rolling Stone. 18. november 2003. http://www.rollingstone.com/news/story/5938174/the_rs_500_greatest_albums_of_all_time. Henta 30. august 2009. 
  5. «Acclaimed Music - The All Time Top 3000 albums». Acclaimed Music.net. 30. november 2008. http://acclaimedmusic.net/Current/1948-02a.htm. Henta 3. mars 2009. 
  6. Katz, Larry (25. januar 1998). «A 'Pet Sounds' Apotheosis». Entertainment News Service. http://archive.southcoasttoday.com/daily/01-98/01-25-98/e07ae207.htm. Henta 30. august 2009. 
  7. Cobley, Mike (9. september). «Brighton Beach Boys: 'Getting Better' All The Time!». The Brighton Magazine. http://magazine.brighton.co.uk/index.asp?art_id=2369&cat_id=21&sec_id=1&sub_id=45. Henta 30. august 2009. 
  8. The Pet Sounds Sessions: «The Making Of Pet Sounds»-hefte 25-26
  9. Stevens, Robert (24. oktober 2007). «An Evening with Brian Wilson: The Palace Theatre in Manchester, England—23. september 2007». wsws.org. http://www.wsws.org/articles/2007/oct2007/wils-o24.shtml. Henta 30. august 2009. 
  10. 10,0 10,1 10,2 Elliott, Brad (31. august 1999). «Pet Sounds Track Notes». beachboysfanclub.com. http://www.beachboysfanclub.com/ps-tracks.html. Henta 30. august 2009. 
  11. Tobler, John. Brian Wilson and The Beach Boys: The Complete Guide to Their Music. Omnibus Press, 2004, ISBN 1-84449-426-8 p. 50
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 Pet Sounds booklet and CD-hefte
  13. Phil Gallo, The Set List blog på variety.com, 16. januar 2009
  14. Hartman, Kent. «The Wrecking Crew». American Heritage.com. http://www.americanheritage.com/articles/web/20070212-rock-n-roll-brian-wilson-beach-boys-glen-campbell-monkees-hal-blaine-carol-kaye-leon-russell.shtml. Henta 30. august 2009. 
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 «Beach Boys Singles Chart History». Billboard. http://www.allmusic.com/album/pet-sounds-japan-2007-r1420. Henta 30. august 2009. 
  16. 16,0 16,1 16,2 «UK Top 40 Singles Chart». Everyhit.com. http://www.everyhit.com/. Henta 30. august 2009. 
  17. «Gold & Platinum». RIAA. http://www.riaa.com/. Henta 30. august 2009. 
  18. Hilburn, Robert (11. mai 1990). «'Pet Sounds' Finally Reissued». Los Angeles Times. http://pqasb.pqarchiver.com/latimes/access/60052630.xml?dids=60052630:60052630&FMT=ABS&FMTS=ABS:FT&type=current&date=May+11%2C+1990&author=ROBERT+HILBURN&pub=Los+Angeles+Times+(pre-1997+Fulltext)&desc=%60Pet+Sounds%27+Finally+Reissued&pqatl=google. Henta 30. august 2009. 
  19. 19,0 19,1 Crowe, Jerry (1. november 1997). «'Pet Sounds Sessions': Body of Influence Put in a Box». Los Angeles Times. http://pqasb.pqarchiver.com/latimes/access/21696821.html?dids=21696821:21696821&FMT=ABS&FMTS=ABS:FT&date=Nov+01%2C+1997&author=JERRY+CROWE&pub=Los+Angeles+Times&desc=%27Pet+Sounds+Sessions%27%3A+Body+of+Influence+Put+in+a+Box%3B+Pop+Beat%3A+A+four-CD+compilation+of+the+Beach+Boys%27+1966+album+regarded+as+an+artistic+masterpiece+is+being+released+for+fans+new+and+old.&pqatl=google. Henta 30. august 2009. 
  20. Page, Tim (19. november 2002). «Crossing Over, Looking Back, Tripping Up». The Washington Post. http://pqasb.pqarchiver.com/washingtonpost/access/234822711.html?dids=234822711:234822711&FMT=ABS&FMTS=ABS:FT&type=current&date=Nov+10%2C+2002&author=Tim+Page&pub=The+Washington+Post&desc=Crossing+Over%2C+Looking+Back%2C+Tripping+Up&pqatl=google. Henta 30. august 2009. 
  21. 21,0 21,1 «The Beach Boys' Pet Sounds and "Good Vibrations 40 Anniversaries Feted by Capitol/EMI». EMIssion-online.com. 23. juni 2006. http://www.emission-online.com/issues/2006-06-23/news2.asp. Henta 30. august 2009. 
  22. Kreps, Daniel (12. juni 2008). «EMI/Capitol Catch Vinyl Fever with Radiohead, “Pet Sounds” Reissues». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/rockdaily/index.php/2008/06/12/emicapitol-catch-vinyl-fever-with-radiohead-pet-sounds-reissues/. Henta 30. august 2009. 
  23. «Musicians on Brian: Paul McCartney». Brian Wilson.com. http://www.brianwilson.com/brian/musicians.html. Henta 2009-03-03. 
  24. Bacon, Tony og Badman, Keith. The Beach Boys: The Definitive Diary of America's Greatest Band, on Stage and in the Studio. Backbeat Books, 2004, ISBN 0-87930-818-4 s. 139
  25. «The All-Time 100 albums». Time. 13. november 2006. http://www.time.com/time/2006/100albums/index.html. Henta 30. august 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]