Pete Seeger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pete Seeger
Pete Seeger at Newport Folk Festival 2009.jpg
Pete Seeger i 2009
Fødd 3. mai 1919, Flag of the United States.svg USA Manhattan, New York, USA
Død 27. januar 2014 (94 år)
Instrument Vokal, banjo, gitar, blokkfløyte, mandolin, piano, ukulele
Sjanger Amerikansk folkemusikk, protestsong
Aktive år 1939-
Yrke Låtskrivar, visesongar, folkesongar, fredsaktivist og programleiar
Tilknytt artistar The Weavers, The Almanac Singers, Woody Guthrie, Arlo Guthrie, Tao Rodríguez-Seeger, Lead Belly

Pete Seeger (fødd Peter Seeger3. mai 191927. januar 2014) var ein USA-amerikansk låtskrivar, songar, forfattar og fredsaktivist.

Han blei mykje spelt på amerikansk radio på 1940-talet og på 1950-talet med gruppa The Weavers, som blei svartelista under McCarthy-tida. På 1950- og 1960-talet blei protestvisene hans svært populære, og påverka ei lang rekkke protestsongarar over heile verda.

Seeger var kjend for songar som «Where Have All the Flowers Gone?», «If I Had a Hammer» og «Turn! Turn! Turn!», som seinare blei ein hit for The Byrds. Han skreiv også «My Rainbow Race» som danna utgangspunktet for den norske songen «Barn av regnbuen» av Lilllebjørn Nilsen. Han bidrog til å gjera kjent songar som «Goodnight, Irene» av Lead Belly og negro spiritualen «We Shall Overcome» som blei eit symbol for borgarrettsrørsla i USA.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Seeger-familien i 1921.

Seeger var fødd Patterson i New York som son av Charles og Constance Seeger. Mora var fødd Constance de Clyver Edson og var ein konsertfiolinist utdanna ved Musikkonservatoriet i Paris. Ho underviste seinare i musikk ved Juilliard School i New York. Faren hadde vore musikkprofessor ved University of California i Berkeley men måtte trekkja seg frå stillinga i 1918 grunna sin upopulære pasifisme. Etter andre verdskrigen underviste han i etnomusikologi ved University of California og Yale. Charles Seeger hadde også ulike administrerande statlege stillingar, mellom anna ved folkemusikksinnsamlinga Federal Music Project (1938–1940) under New Deal. Foreldra skilde lag då Pete Seeger var sju. I 1932 gifta Charles seg med komponisten Ruth Crawford Seeger. Desse fekk fire born, Margaret (Peggy), Mike, Barbara og Penelope (Penny), som alle blei folkesongarar.

Under andre verdskrigen tenestegjorde Pete Seeger i Stillehavet for den amerikanske hæren. Under permisjon i 1943 gifta han seg med Toshi-Aline Ōta som skulle støtta karrieren hans gjennom heile livet. Den første sonen deira, Peter, blei fødd og døydde medan Seeger var i krigen. Dei fekk deretter tre born, Daniel, Mika og Tinya, som levde. Sonen til Mika, Tao Rodríguez-Seeger, er også folkemusikar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Pete Seeger opptrer i 1944.

Seeger lærte seg å spela ukulele som skulegut. Han blei introdusert for banjo på ein folkemusikkfestival i Nord-Carolina i 1936, og brukte dei neste fire åra på å meistre instrumentet. Han høyrde mykje folkemusikk takka vere vener av foreldra, Thomas Hart Benton og folkemusikksamlaren og programleiaren Alan Lomax. Han deltok fleire gonger på Lomax sitt musikkprogram Back Where I Come From (1940–41) på Columbia Broadcasting saman med musikarar som Josh White, Burl Ives, Lead Belly, som påverka han kraftig, og Woody Guthrie, som han seinare skulle samarbeida med. Seeger og musikarar frå programmet spelte i Det kvite huset i ein konsert organisert av Eleanor Roosevelt i mars 1941. Dei blei likevel ikkje plukka opp av nasjonale fjernsynsnettverk ettersom musikarane både var kvite og afroamerikanske, noko som var for kontroversielt i USA på denne tida.

Pete Seeger danna si første gruppe, The Almanac Singers, i 1941 saman med Woody Guthrie, Lee Hays og Millard Lampell. Gruppa hadde fleire ulike medlemmer og song politiske songar med støtte til amerikansk fagrørsle, likestilling mellom folkegrupper og liknande.

Pete Seeger i 1967.

I 1949 danna Seeger folkesonggruppa The Weavers saman med Lee Hays og Ronnie Gilbert. Denne hadde ei rekkje slagerar på 1950-talet, som «On Top of Old Smokey», «Goodnight, Irene», «Dusty Old Dust ("So Long It's Been Good to Know You"», «Kisses Sweeter Than Wine» og «Wimoweh». Den kommersielle suksessen kopla med neddempinga av den politiske bodskapen førte til at gruppa blei kritisert av andre progressive. Men suksessen blei raskt stoppa då Seeger og alle medlemmene i The Weavers blei svartelista som kommunistar i 1953. Gruppa blei ikkje spelt på radio eller bestilt til konsertar og mista platekontrakten sin. Då Seeger blei utspurd av House of Un-American Activities Committee nekta han å namngje andre medlemmer av venstreorienterte grupper han hadde vore med i. For dette blei han dømd til eitt år i fengsel i 1961.[1] Dommen førte til store protestar og blei oppheva ved anke.

Seeger fortsette å ha problem som følgje av svartelistinga til seint på 1960-talet. Han byrja som soloartist i 1958, med ein karriere der tema som borgarrettar, nedrusting og miljøvern gjekk igjen. Seeger spelte på høgskular og sommarleirar, og blei eit førebilete for dei nye folkesongarane på 1960-talet, som Bob Dylan og Joan Baez. Han blei først godteken i offentlegdommen att då countryartisten Johnny Cash inviterte han til fjernsynsprogrammet sitt tidleg på 1970-talet. Etter dette har han fått fleire nasjonale prisar og musikkprisar. Han har fortsett som utøvande musikar til våre dagar, og opptredde mellom anna ved innsetjinga av Barack Obama som president i 2008.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pete Seeger

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allan M. Winkler, "To Everything There is a Season": Pete Seeger and the Power of Song s. 84-85; Michael Churchill, «Jurists Convict Seeger On Charge of Contempt», The Harvard Crimson, March 30, 1961