Peter Birch-Reichenwald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peter Birch-Reichenwald

Peter Birch-Reichenwald (29. november 18438. juli 1898) var ein norsk politikar som representerte Høgre. Christian Birch-Reichenwald var far hans.

Birch-Reichenwald vart student 1860 frå katedralskulen i heimbyen Christiania, tok juridisk embetseksamen i 1865. Dei neste åra var han fyrst fullmektig hos sorenskrivar, sidan hos advokat Bernhard Dunker. År 1870 vart han overrettssakførar og høgsterettsadvokat. Frå 1881 var han ekspedisjonssjef i Justisdepartementet si avdeling for fengselsstellet. Han var 1875-82 medlem av ein kongeleg kommisjon om statsallmenningane i Gudbrandsdalen. Kemner i Kristiania frå 1892.

Han var medlem av bystyret i hovudstaden frå 1880, varaordførar 1881-84, 1887-88 og ordførar 1888 til 3.9.1889. Seinare, 1895 til 1898, var han borgarmeister i Kristiania.

Birch-Reichenwald var frå 1889 til -91 statsråd i Arbeidsdepartementet i Emil Stangs fyrste regjeringm og han var 1894-95 statsråd og sjef i Indredepartementet i Emil Stangs andre regjering. Perioden 1892-94 var han stortingsrepresentant for valkrinsen Kristiania, Hønefoss og Kongsvinger. Han var då medlem av jarnbanekomiteen, og den i 1893 særskild valde kontraktørkomiteen.

Han vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden 1887 og forfremja til kommandør av 1. klasse i 1895.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]