Peter Buck
| Peter Buck | |
Peter Buck under ein konsert i Italia |
|
| Verkeleg namn | Peter Lawrence Buck |
| Fødd | 6. desember 1960 i Berkeley i California i USA |
| Instrument | Elektrisk gitar, Akustisk gitar, Mandolin, Banjo, Keyboard, Bass |
| Sjanger | Alternativ rock |
| Aktive år | 1980– |
| Yrke | Gitarist, låtskrivar, plateprodusent |
| Tilknytt artistar | R.E.M. Hindu Love Gods The Minus 5 Tuatara |
Peter Lawrence Buck (fødd 6. desember 1956) er gitarist i bandet R.E.M. som han var med og skipa, saman med vokalist Michael Stipe, bassist Mike Mills samt den tidlegare trommeslagaren Bill Berry. Peter Buck er det eldste medlemet i bandet.
[endre] Biografi
Etter å ha vakse opp i Los Angeles og San Francisco, flytta familien Buck til Atlanta i Georgia. Etter å ha fullførd high school, byrja Peter Buck på Emory University, men droppa studia like etter og flytta til Athens, der han istaden studerte ved University of Georgia. Medan Buck jobba i ei platebutikk i Athens, vart han kjend med Michael Stipe som jamnleg var kunde der, samt managaren Bertis Downs [1] [2] [3]
I motsetnad til dei to andre gjenverande medlemmane i R.E.M. som framleis bur i Athens, bur Peter Buck i Seattle i Washington. I tilleg til bandet R.E.M spelar Buck og i banda The Minus 5 og Tuatara.
[endre] Fotnotar
- ↑ Waldman, Matt (Desember 2002), "Bertis Downs . . . in his own words", Georgia Magazine (University of Georgia) Vol 82 (No 1). Vitja den 13. Mars 2007
- ↑ "oppslag for Peter Buck", New Georgia Encyclopedia (The Georgia Humanities Council & The University of Georgia Press).Vitja den 12. mars 2007
- ↑ oppslag for Peter Buck ved www.nndb.com. Vitja den 13. mars 2007.