Peter Castberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Castberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. juli 1794
Halden kommune
Død

10. juni 1858 (63 år)
København

Yrke prest, politikar
Språk norsk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Peter Hersleb Harboe Castberg (22. juli 179410. juni 1858) var ein norsk offiser, prest og stortingsmann. Johan C.T. Castberg var sonen hans.

Castberg var fødd i Fredrikshald, der far hans var magasinforvaltar. Sjølv vart han kadett i 1804, sekondløytnant i sønnafjellske infanteriregiment 1808, premierløytnant i 1811. Han deltok i oppmålingsarbeid i Vestfold i 1811 og 1813 og i felttoget mot den svenske fienden i 1814. År 1818 gjekk han over i 1. akershusiske brigade. Etter å ha teke artium i 1823 og teologisk embetseksamen i 1826 tok han avskjed frå militærtenesta. Han var sokneprest i Kviteseid 1827-33, Larvik 1833-46 og Sande i Vestfold 1846-58.

Castberg representerte Bratsberg amtStortinget i 1830 og 1833. I 1836, 1836-37, 1839, 1842 var han stortingsrepresentant for Larvik og Sandefjord. Han var på alle tingsamlingane formann i militærkomiteen. I 1833 var han medlem av komiteen om kjøpstadskatten, 1836-39 medlem av valkomiteen.

Han døydde i 1858 i København, under ei vitjing hos ei dotter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]