Peter Englund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Englund

Fødd4. april 1957
Boden
NasjonalitetSverige
Yrkehistorikar, skribent, journalist
InstitusjonarUppsala universitet
Alma materUppsala universitet
MedlemSvenska Akademien
Svenska Akademien

Peter Englund (fødd 4. april 1957)[1] i Boden er ein av Sveriges fremste historikarar og forfattar av ei rad populærhistoriske bøker. Englund tok doktorgrad på 1600-talets mentalitetshistorie. Hovudtyngda av forfattarskapen omhandlar Sverige si militære stormaktstid 1620-1720.

Englund etterfølgde i 2002 Erik Lönnroth som medlem i Svenska Akademien på stol nummer 10.[1] Han etterfølgde Horace Engdahl som fast sekretær i akademiet i juni 2009.

Peter Englund var professor i narratologi ved Dramatiska institutet mellom 2001 og 2006. Tidlegare var han forskar ved Uppsala universitet og før dette arbeidde han i den svenske militære etterretningstenesta.

Gjenombrotet hans som historieformidlar kom med boka Poltava frå 1988. Her gjenskapte han etter nitide kjeldestudier time for time hendingane som førte til at Karl 12s hær vart utsletta på éin dag i Ukraina i 1709. Boka vart ein salssuksess, og Englund gav seg i kast med ein trilogi om Tredveårskrigen. Den fyrste boka i denne serien var Ofredsår som kom i 1993. Hovudpersonen i boka var Erik Dahlbergh. Den ytre handlinga i bøkene er den svenske hærens felttog på det europeiske kontinentet, men vel så mykje er det 1600-tallts tenkjemåte, daglegliv og verkelegheit som er "hovudperson". Bind to, Den oövervinnerlige, kom i år 2000. Den skildra Karl 10. Gustav sitt felttog i Tyskland og invasjonen av Sjælland i 1658.

Englund har også utgjeve tre samlingar med historiske essay.

  1. Brev fra nullpunktet fortell om dei verste tragediene på 1900-talet: Skyttergravskrigen i Første verdskrig, Stalins utrenskningar, Holocaust, bombinga av Tyskland og Hiroshima. Englund sitt perspektiv er å sjå 1900-talet fra 1600-tallshistorikaren sitt perspektiv for å forklare kvifor valden og omsynslause vart så mykje større i skala i dette hundreåret. Englund si tese er at 1900-talet blei det mest valdelege, fordi brotsverka blei utført etter byråkratisk logikk "frå skrivebordet".
  2. Fortidens landskap er utan noko samla tema og essaystykka kan lesast uavhengig. Kapitlet Myten om feltherren avmytologiserer at militærleiarar hadde noko særleg innverknad på utviklinga på slagmarka når det først hadde braka laust. I fylgje Englund skuldat vektleggjinga av feltherrane sin innsats etterrasjonaliseringane deira og ein trong for å framstille seg sjølve som viktige.
  3. Stillhetens historie handlar om alt frå hamburgarens historie etc.

Englund har også vore fagkonsulent for SVT sin serie av Fredrik Lindström om svensk historie og identitet (2006-7)

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Årstall er opphavleg svensk utgåve, ISBN refererer til norsk omsetjing der den finst, og svensk om den ikkje er omsett.

  • 1988 Poltava (Poltava. berättelsen om en armés undergång; norsk omsetjing 1993) ISBN 82-00-21622-5
  • 1989 Det hotade huset. Adliga föreställningar om samhället under stormaktstiden. Om den svenske adelens sjølvoppfatning (doktorgradsavhandling)
  • 1991 Fortidens landskap - om mordet på Karl XII og andre essays (Förflutenhetens landskap) ISBN 82-00-21579-2
  • 1993 Ufredsår, om den svenske stormaktstiden og en mann i dens midte (Ofredsår. Om den svenska stormaktstiden och en man i dess mitt; norsk omsetjing 2010) ISBN 978-82-02-30803-2
  • 1996 Brev fra nullpunktet, essaysamling om 1900-tallets mest dystre begivenheter (Brev från nollpunkten- historiska essäer) ISBN 82-00-22840-1 e-bok
  • 2000 Den oövervinnerlige ISBN 91-7486-558-7
  • 2002 Ramona manus til TV-serie
  • 2004 Stillhetens historie og andre essays (Tystnadens historia) ISBN 82-15-00547-0
  • 2005 Jag skall dundra (med Kristian Petri)
  • 2006 Sølvmasken, en kort biografi om dronning Kristina av Sverige (Silvermasken) ISBN 978-82-430-0466-5
  • 2006 Spegelscener - minnesfragment från fyra krig (Kroatia 1991, Bosnia 1994, Afghanistan 1996 og Irak 2005) Bonniers julebok 2006, ikkje i handelen pdf Arkivert 2008-11-21 ved Wayback Machine.
  • 2008 Krigens skjønnhet og sorg, første verdenskrig i 213 korte kapitler (Stridens skönhet och sorg; norsk omsetjing 2011) ISBN 978-82-02-30802-5

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Stol nr 10 - Peter Englund». Svenska Akademien. Henta 20. august 2016. 
*Denne artikkelen bygger på «Peter Englund» frå Wikipedia på bokmål, den 24. mars 2011.
.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]