Peter Erskine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peter Erskine (2008)

Peter Erskine (fødd 5. juni 1954 i Somers Point, New Jersey) er ein amerikansk trommeslagar. Han vert rekna som ein av dei mest allsidige og mest brukte jazztrommeslagarane dei siste tiåra.

Erskine byrja å spele trommer som fireåring. 18 år gamal vart han med i Stan Kenton sitt storband og tre år seinare kom han inn i storbandet til Maynard Ferguson. I 1978 tok han over som trommeslagar i Weather Report og spelte med dei til han slutta i 1982. Same år gav han ut det første albumet under sitt eige namn; han kalla det ganske enkelt for Peter Erskine (1982).

Erskine har utmerkt seg som ein musikar som kan fungere innanfor mange ulike sjangrar. Han har spelt i storbanda til Bob Mintzer og Kenny Wheeler, og han har spelt i mindre akustiske grupper med mellom andre Diana Krall og Jan Garbarek. I tillegg til Weather Report, var han medlem av fusiongruppa Steps Ahead og Marc Johnson sitt band Bass Desires. Han har også spelt pop/rock med Steely Dan og Rickie Lee Jones. Som studiomusikar har han delteke på over 400 album, og han har gjeve ut ti plater med eigne band.

Lesarane av magasinet Modern Drummer, dvs. andre trommeslagarar, har åtte gonger kåra Erskine som beste jazztromeslagar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Peter Erskine