Peter Frederik Wergmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Frederik Wergmann

Statsborgarskap Noreg, Danmark
Fødd 2. november 1802
København
Død

18. juni 1869 (66 år)
Christiania

Yrke skodespelar, kunstmålar, teiknar, forfattar
Ektefelle Amalie Huusher
Peter Frederik Wergmann på Commons
Bærums Jernverk
«En hamersmedie i Surendalen». Landskap frå Surnadal i Møre og Romsdal med bygningar ved ein foss. Frå 1835.

Peter Frederik Wergmann, Peter Christian Friderich Wergmann (fødd 2. november 1802 i København, død 17. juni 1869 i Christiania)[note 1][1][2] var ein dansk-norsk dekorasjons- og teatermålar som arbeidde i Noreg frå 1830–1831. Han fekk mykje å seia for det moderne teatermåleriet i landet.

Wergmann arbeidde som teiknelærar i København og var knytt til ein teatertropp både som skodespelar og teiknar. Da troppen reiste på turné til Noreg blei Wergmann med. I 1831 opptredde han som skodespelar i Trondheim, deretter var han med på ein omfattande turne til Nord-Møre, Drammen, Arendal, Skien og Fredrikstad.[2] Samstundes med at han reiste rundt teikna han skisser som han seinare laga litografi av og gav ut i to samlingar med prospekt; Norge, fremstillet i lithographerede Billeder efter Naturen. Dei blei gitt ut i Christiania i 1833-1837 med tekstar av Peter Christen Asbjørnsen og Bernt Moe.[2]

Wergmann slo seg ned i Christiania kor han fekk borgarskap som målarmeister i 1840. Året før hadde han via kontakt med slottsarkitekt Hans Ditlev Franciscus von Linstow fått i oppdrag å måle dekorasjonar til Christiania Theaters oppsetting av Henrik Wergelands Venetianerne. Dette blei innleiinga til eit livsvarig virke ved teatret i tillegg til at han i åra 1852-1863 også var tilsett ved Christiania norske Theater.

I Christiania fekk han oppdrag på slottet kor han dekorerte fleire salar, mellom anna spisesalen i pompeiansk stil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Peter Frederik WergmannKunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
  2. 2,0 2,1 2,2 «Wergmann, Peter Christian Friderich». Norsk kunstnerleksikon: bildende kunstnere, arkitekter, kunsthåndverkere. 4 : Sp-Å. [Oslo]: Universitetsforlaget. 1986. s. 471–472. ISBN 8200183238. 

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Weilbachs Kunstnerleksikon skriv at han døydde 17. juni, Norsk kunstnerleksikon skriv på side 471 at han døydde 18. juni.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Peter Frederik Wergmann