Peter Gabriel (1980)
| Peter Gabriel Studioalbum av Peter Gabriel |
||
| Utgjeve | 30. mai 1980 | |
| Innspelt | 1979–1980 i Bath og i the Townhouse i London | |
| Sjanger | Eksperimentell rock, new wave, worldbeat | |
| Lengd | 45:32 | |
| Selskap | Charisma (Storbritannia), Mercury (USA), Geffen (USA, Canada) | |
| Produsent | Steve Lillywhite | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
|
||
| Peter Gabriel-kronologi | ||
| Peter Gabriel 2 (Scratch) (1978) |
Peter Gabriel | Peter Gabriel 4 (Security) (1982) |
Peter Gabriel er det tredje studioalbumet til Peter Gabriel. Det kom ut i 1980. Albumet inneheld to av dei mest kjende songane til Gabriel, «Games Without Frontiers» og den politiske songen «Biko» om antiarpartheidaktivisten Steve Biko.
Albumet vert ofte kalla Melt på grunn av plateomslaget av Hipgnosis. Biletet vart teken av eit Polaroid SX-70-kamera og med ein gong fiksa på av Storm Thorgerson eller Gabriel.
Innhaldsliste |
Soge [endre]
Den tidelgare bandkollegaen til Gabriel, Phil Collins, som tok over som vokalist i Genesis etter Gabriel, spelte trommer og syng korvokal på fleire av songane på albumet. Collins spelte trommer på «Intruder», som skal vere første gongen det vart nytta «gated reverb» som effekt på trommene. Denne effekten vart skapt av Steve Lillywhite, Collins og Hugh Padgham,[8] og vart nytta på Collins og Genesis sine innspelinga gjennom 1980-åra. Den særeigne lyden kom til via eksperiment av Lillywhite, Collins og Padgham då Gabriel kravde at verken Collins eller Jerry Marotta fekk bruke cymbalar på albumet. Trommelyden på dette albumet vart lagt merke til av Public Image Ltd og påverka lyden på albumet deira Flowers of Romance.[9] Lydteknikaren deira, Nick Launay, var leigd inn av Collins for å hjelpe han på det første studioalbumet hans, Face Value.[9] Paul Weller, som var i studio med bandet sitt The Jam like i nærleiken, vart beden om å spele gitar på «And Through The Wire». Gabriel meinte at den intense gitarstilen til Weller var perfekt for den songen.
Albumet var produsert av Gabriel og Lillywhite og var det første og einaste albumet til Gabriel på Mercury Records i USA, etter at det vart avvist av Atlantic Records, som distributerte dei to første soloalbuma til Gabriel og dei siste to albuma til Genesis. Då A&R-mann John Kalodner fekk høyre dei tidlege miksane av albumet i 1980, meinte han at det ikkje var kommersielt nok til å at dei kunne gje det ut og råda selskapet til kvitte seg med Gabriel. Då albumet sidan kom ut på Mercury fleire månader seinare, forstod Kalodner, som no arbeidde for det nyoppretta Geffen Records at han hadde gjort ein feil og fekk Geffen til å signere ein kontrakt med Gabriel.[10] Geffen gav ut albumet på ny i 1983 og har marknadsført det i USA sidan den gong.
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Peter Gabriel.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Intruder» | 4:54 | |||||||
| 2. | «No Self Control» | 3:55 | |||||||
| 3. | «Start» | 1:21 | |||||||
| 4. | «I Don't Remember» | 4:41 | |||||||
| 5. | «Family Snapshot» | 4:28 | |||||||
| 6. | «And Through the Wire» | 5:00 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 7. | «Games Without Frontiers» | 4:06 | |||||||
| 8. | «Not One of Us» | 5:22 | |||||||
| 9. | «Lead a Normal Life» | 4:14 | |||||||
| 10. | «Biko» | 7:32 | |||||||
Medverkande [endre]
- Peter Gabriel – vokal, piano, synthesizer, bass-synthesizer, perkusjon
- Kate Bush – korvokal på «No Self Control» & «Games Without Frontiers»
- Jerry Marotta – trommer, perkusjon
- Larry Fast – synthesizer, bass-synthesizer
- Robert Fripp – gitar på «No self control», «I Don't Remember» & «Not One of Us»
- John Giblin – bass
- Dave Gregory – gitar
- Tony Levin – Chapman stick on «I Don't Remember»
- Phil Collins – trommer på «Intruder» & «No Self Control»; skarptromme på «Family Snapshot»; surdo på «Biko»
- Dick Morrissey – saksofon
- Morris Pert – perkusjon
- David Rhodes – gitar, korvokal
- Paul Weller – gitar på «And Through the Wire»
- Dave Ferguson - skrik på «Biko»
- Steve Lillywhite - Produsent
Ettermæle [endre]
I 1989 vart albumet rangert på 45. plass på lista til Rolling Stone over dei 100 beste albuma i 1980-åra.
I 2000 sette musikkmagasinet Q albumet på 53. plass på lista dei over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene.
I 2006, sette Q albumet på 29. plass på lista deira over dei 40 beste albuma frå 1980-åra. Det einaste Gabriel-albumet på lista.[11]
Lister [endre]
Album [endre]
| År | Liste | Plassering |
|---|---|---|
| 1980 | Billboard Pop Albums | 22 |
| 1980 | UK Album Chart | 1[12] |
Singel [endre]
| År | Singel | Liste | Plassering |
|---|---|---|---|
| 1980 | "Games Without Frontiers" | Billboard Pop Singles | 48 |
Salstrofé [endre]
| Organisasjon | Nivå | Dato |
|---|---|---|
| BPI – UK | Gull | 2. juni 1980 |
Ein deutsches Album [endre]
Ein deutsches Album (eit tysk album) kom ut i juli 1980 og er ein tyskspråkleg versjon av albumet. Gabriel song inn tysk vokal oppå akkompagnementet frå den engelske versjonen. Dei tyske tekstane er omsetjingar frå engelsk. To år seinare gav Gabriel ut Deutsches Album (1982), der han i tillegg spelte inn musikken på ny for det fjerde albumet sitt Peter Gabriel (1982) (Security i Nord-Amerika).[13] I februar 1980 vart den tyskspråklege versjonen av «Games Without Frontiers» og «Here Comes the Flood» gjevne ut som singlar i Tyskland.
- Side ein[14]
- «Eindringling» – 5:00
- «Keine Selbstkontrolle» – 4:00
- «Frag mich nicht immer» – 6:04
- «Samlar «Start» med ein tysk versjona av «I Don't Remember».
- «Schnappschuß (ein Familienfoto)» – 4:26
- «Und durch den Draht» – 4:28
- Side to[14]
- «Spiel ohne Grenzen» – 4:07
- «Du bist nicht wie wir» – 5:32
- «Ein normales Leben» – 4:21
- «Biko» – 8:55
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Peter Gabriel (1980)» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Erlewine, Stephen T. (2011 [last update]). «Peter Gabriel [3] - Peter Gabriel | AllMusic». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/r7912. Henta 24. september 2012.
- ↑ James, Brian (29. august 2003). «Peter Gabriel: Peter Gabriel [3] (SACD) < PopMatters». popmatters.com. http://www.popmatters.com/pm/review/gabrielpeter-st-3. Henta 24. september 2012.
- ↑ McFerrin, John (2011 [last update]). «Peter Gabriel». johnmcferrinmusicreviews.org. http://www.johnmcferrinmusicreviews.org/gabriel.htm#pg3. Henta 24. september 2012.
- ↑ Starostin, G. (2006 [last update]). «Peter Gabriel». starling.rinet.ru. http://starling.rinet.ru/music/gabriel.htm#%28III%29. Henta 24. september 2012.
- ↑ Christgau, R. (2011 [last update]). «Robert Christgau: CG: peter gabriel». robertchristgau.com. http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?name=peter+gabriel. Henta 24. september 2012.
- ↑ Marsh, Dave (26. juli 2001). «Peter Gabriel (3)». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/music/albumreviews/peter-gabriel-3-20010726. Henta 22. oktober 2012.
- ↑ Scaruffi, Piero (2010 [last update]). «The History of Rock Music. Peter Gabriel: biography, discography, reviews, links». scaruffi.com. http://www.scaruffi.com/vol3/gabriel.html. Henta 24. september 2012.
- ↑ Robyn Flans (1. mai 2005). «Classic Tracks: Phil Collins' «In the Air Tonight"». Mix.
- ↑ 9,0 9,1 M, Scott (February 2003). «Nick Launay interview». Fodderstompf.com. F&F Publishing. http://www.fodderstompf.com/INTERVIEWS/nick.html. Henta 25. oktober 2012.
- ↑ Wade, Dorothy and Justine Picardie (1990). Music Man: Ahmet Ertegun, Atlantic Records, and the Triumph of Rock 'n' Roll, Norton, ISBN 0-393-02635-3, pp. 247-249.
- ↑ Q. august 2006, Issue 241
- ↑ «Number 1 Albums – 1980s». The Official Charts Company. Arkivert frå originalen den 9. februar 2008. http://web.archive.org/web/20080209095724/http://www.theofficialcharts.com/all_the_no1_albums.php?show=4. Henta 17. oktober 2012.
- ↑ Phil Harland (25. august 2007). «» Peter Gabriel sings in German – 3. Melt (ein deutsches album) (1980) » Phil's Vinyl Addiction Blog (by Phil Harland)». philipharland.com. http://www.philipharland.com/VinylAddiction/2007/08/25/peter-gabriels-german-albums-melt-ein-deutsches-album/. Henta 25. oktober 2012.
- ↑ 14,0 14,1 Mal:MusicBrainz album
|
|
|
|---|---|
| Studioalbum | Peter Gabriel («Car») · Peter Gabriel («Scratch») · Peter Gabriel («Melt») · Peter Gabriel (Security) · So · Us · Up · Scratch My Back · New Blood · I/O |
| Konsertalbum | Plays Live · Plays Live Highlights · Secret World Live · Live Blood |
| Filmmusikk | Birdy · Passion · OVO · Long Walk Home |
| Samlealbum | Shaking the Tree: Sixteen Golden Greats · Revisited · Hit · Peter Gabriel (The Mail on Sunday) |
| Tyskspråklege album | Ein deutsches Album · Deutsches Album |
| Anna | Genesis · WOMAD |