Peter Gabriel (1982)
| Peter Gabriel Studioalbum av Peter Gabriel |
||
| Utgjeve | 8. aeptember 1982 | |
| Innspelt | 1981–1982 ved Ashcombe House i Bath i England | |
| Sjanger | Kunstrock | |
| Lengd | 45:27 | |
| Selskap | Charisma | |
| Produsent | David Lord og Peter Gabriel | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Peter Gabriel-kronologi | ||
| Peter Gabriel 3 (Melt) (1980) |
Peter Gabriel | Deutsches album (1982) |
Peter Gabriel er det fjerde albumet til den engelske musikaren Peter Gabriel og det fjerde albumet på rad med same namnet. Det vart derfor gjeve ut under namnet Security i USA og var det første albumet hans som vart gjeve ut på Geffen Records i Nord-Amerika.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Albumet er eit av dei første som vart spelt inn utelukkande digitalt. Instrumenteringa er hovudsakleg elektronisk med mykje bruk av sampling (ved hjelp av den då nye Fairlight CMI) og perkusjon. Det vart spelt inn heime hos Gabriel i Ashcombe House i Somerset i England i 1981.[5]
Songane på albumet dekkjer mange område. «The Rhythm of the Heat» er basert på Carl Jung si oppleving då han observerte ei gruppe afrikanske trommeslagarar. «San Jacinto» omhandlar frykta og smerta indianarar i Amerika opplever når dei ser kulturen sin overkøyrt av det moderne kvite samfunnet. «Shock the Monkey» handla om sjalusi og nyttar bilete av ei ape for å skildre personleg angst. «Lay Your Hands on Me» handlar om healing, gjennom tillit, noko som vert vidare utforska på seinare album. «The Family and the Fishing Net» er ein song som samanliknar ein moderne bryllaupsdag med ei voodoo-ofring. «Wallflower» handlar om handsaminga av politiske fangar i Latin-Amerika i 1980-åra.[6]
«Shock the Monkey» vart nytta i filmen Project X i 1987 med Matthew Broderick. «Wallflower», i lag med nyversjonar av andre songar frå det tredje og fjerde albumet til Gabriel, vart nytta i filmen Birdy i 1984, regissert av Alan Parker med Matthew Modine og Nicolas Cage. «I Have the Touch» vart nytta i filmen The Chocolate War i 1988, og ein alternativ versjon av songen vart nytta i filmen Phenomenon i 1986 med John Travolta. Ein coverversjon av Heather Nova av same song vart nytta i The Craft. «Shock the Monkey» vart òg nytt ai ein episode av South Park.
Det vart det siste albumet av Gabriel som heitte Peter Gabriel før eit samlealbum frå 2008.
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Peter Gabriel.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «The Rhythm of the Heat» | 5:15 | |||||||
| 2. | «San Jacinto» | 6:21 | |||||||
| 3. | «I Have the Touch» | 4:30 | |||||||
| 4. | «The Family and the Fishing Net» | 7:08 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 5. | «Shock the Monkey» | 5:23 | |||||||
| 6. | «Lay Your Hands on Me» | 6:03 | |||||||
| 7. | «Wallflower» | 6:30 | |||||||
| 8. | «Kiss of Life» | 4:17 | |||||||
Medverkande [endre]
- Peter Gabriel – vokal, klaverinstrument
- Tony Levin – bass
- David Rhodes – gitar
- Jerry Marotta – trommer, perkusjon
- Larry Fast – synthesizer
Andre medverkande [endre]
- John Ellis – bassvokal på spor 1, 3, 8, gitar på spor 2, 4
- Roberto Laneri – handsama saksofon på spor 4
- Morris Pert – timbales på spor 6, perkusjon på spor 8
- Stephen Paine – Fairlight CMI på spor 4
- David Lord – synthesizerar på spor 6, 7, piano på spor 7, 8
- Peter Hammill – korvokal på spor 4, 5, 6
- Jill Gabriel – bassvokal på spor 2
- Tony Levin - bass på spor 1,2,3,5,6,7 Chapman Stick på spor 2, 4
- David Rhodes - guitar på spor 1,3,4,5,7
- Ekome Dance Company – ghanesiske trommer på spor 1
- Simon Phillips - trommer på spor 3
- Chris Hughes - Linn LM-1-programmering på spor 5
Lister [endre]
Album [endre]
| År | Liste | Plassering |
|---|---|---|
| 1982 | Billboard Pop Albums | 28 |
| Music Week (UK) Albums | 6 |
Singlar [endre]
| År | Singel | Liste | Position |
|---|---|---|---|
| 1982 | «I Have the Touch» | Billboard Mainstream Rock | 46 |
| «Kiss of Life» | Billboard Mainstream Rock | 34 | |
| «Shock the Monkey» | Billboard Black Singles | 64 | |
| Billboard Club Play Singles | 26 | ||
| Billboard Mainstream Rock | 1 | ||
| Billboard Pop Singles | 29 | ||
| UK singles | 58 |
Salstrofé [endre]
| Organisasjon | Nivå | Dato |
|---|---|---|
| BPI – UK | Gull | 30. november 1982 |
| CRIA – Canada | Gull | 1. februar 1983 |
| CRIA – Canada | Platinum | 1. februar 1983 |
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Peter Gabriel (1982)» frå Wikipedia på engelsk, den 26. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Erlewine, Stephen T. (2011 [last update]). «Security - Peter Gabriel | AllMusic». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/r7913. Henta 24. september 2012.
- ↑ Christgau, Robert (2011 [last update]). «Robert Christgau: CG: peter gabriel». robertchristgau.com. http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?name=peter+gabriel. Henta 24. september 2012.
- ↑ Scaruffi, Piero (2010 [last update]). «The History of Rock Music. Peter Gabriel: biography, discography, reviews, links». scaruffi.com. http://www.scaruffi.com/vol3/gabriel.html#title. Henta 24. september 2012.
- ↑ «Peter Gabriel: Album Guide». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/music/artists/peter-gabriel/albumguide. Henta 22. oktober 2012.
- ↑ «Peter Gabriel at Ashcombe House». Synergy-emusic.com. http://synergy-emusic.com/petergabrielpix/pg4/pg4pix.htm. Henta 26. oktober 2012.
- ↑ «Wallflower by Peter Gabriel Songfacts». Songfacts.com. http://www.songfacts.com/detail.php?id=778. Henta 26. oktober 2012.
|
|
|
|---|---|
| Studioalbum | Peter Gabriel («Car») · Peter Gabriel («Scratch») · Peter Gabriel («Melt») · Peter Gabriel (Security) · So · Us · Up · Scratch My Back · New Blood · I/O |
| Konsertalbum | Plays Live · Plays Live Highlights · Secret World Live · Live Blood |
| Filmmusikk | Birdy · Passion · OVO · Long Walk Home |
| Samlealbum | Shaking the Tree: Sixteen Golden Greats · Revisited · Hit · Peter Gabriel (The Mail on Sunday) |
| Tyskspråklege album | Ein deutsches Album · Deutsches Album |
| Anna | Genesis · WOMAD |