Peter Green

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Green

Green med munnspel og gitar (Bilston i England 17. desember 2009)
Fødd29. oktober 1946(1946-10-29)
FødestadBethnal Green i London i England
Død25. juli 2020 (73 år)
DødsstadCanvey Island
FødenamnPeter Allen Greenbaum
OpphavStorbritannia
Aktiv1966 til i dag
SjangerBluesrock, blues, rock
Instrumentvokal, gitar, munnspel
Kjende instrumentGibson Signature Les Paul model
Fender Stratocaster
Gibson Howard Roberts Fusion
Tilknytte artistarJohn Mayall & the Bluesbreakers, Fleetwood Mac, Peter Green Splinter Group, Gass, Peter B's Looners, Otis Spann, Willie Dixon, B.B. King
PlateselskapEpic, Reprise, PVK, Creole
Verka somMusikar, låtskrivar

Peter Green (29. oktober 1946 som Peter Allen Greenbaum–25. juli 2020)[1] var ein britisk bluesrockgitarist som starta bandet Fleetwood Mac. Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1998 for arbeidet sitt med gruppa. Green skreiv songar som «Albatross», «Black Magic Woman», «Oh Well» og «Man of the World» som er blitt spelt inn av andre artistar som Santana, Aerosmith, Status Quo,[2] Black Crowes, Midge Ure,[3] Tom Petty,[4] Judas Priest[5] og Gary Moore, som spelte inn Blues for Greeny, med berre Green-songar.

Han var ein viktig person og bandleiar i «den andre store epoken»[6] innan britisk blues, og fekk B.B. King til å sei, «Han har den mest melodiske tonen eg nokon gong har høyrt; han var den einaste som gav meg kaldsveitte.»[7][8] Eric Clapton og Jimmy Page har begge hylla gitarspelinga hans.[9] Spelestilen til Green er kjend for idiomatisk bøying av strengane og vibrato[6] og den sparsommelege[10] stilen. Sjølv om han spelte andre gitarar, var han mest kjend for den unike tonen han fekk med sin Gibson Les Paul frå 1959.[8][11]

Han vart rangert på 38. plassen på lista til Rolling Stone over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene.[12] Tonen hans på Bluesbreakers-instrumentalen «The Supernatural» vart kåra til den 50. beste gjennom tidene av Guitar Player.[13] I juni 1996 vart Green stemnd fram som den tredje beste gitaristen gjennom tidene i Mojo.[14][15]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Green vart fødd i Bethnal Green i London. Han spelte først i eit band kalla Bobby Dennis and the Dominoes, som spelte poplåtar og rock 'n' roll-standarar frå singellistene, inkludert Shadows-songar. Han sa seinare at Hank Marvin var ein gitarhelt og spelte inn «Midnight» på eit hyllestalbum kalla Twang mange år seinare. Han spelte seinare i rhythm and blues-bandet the Muskrats, så eit band kalla The Tridents der han spelte bass. I 1966 spelte Green sologitar i Peter Bardens-bandet «Peter B's Looners», der han møtte trommeslagaren Mick Fleetwood. Det var med Peter B's Looners at han var i platestudio då dei spelte inn «If You Wanna Be Happy» med «Jodrell Blues» som ei B-side.[16] Innspelinga hans av «If You Wanna Be Happy» var ein instrumentalversjon av songen til Jimmy Soul.[17]

John Mayall's Bluesbreakers[endre | endre wikiteksten]

Etter tre månader med gruppa til Bardens, fekk Green høve til å ta over etter Eric Clapton i John Mayall & the Bluesbreakers for tre konsertar. Kort tid etter, då Clapton slutta i the Bluesbreakers, vart Green fulltidsmedlem i bandet til Mayall.[6]

Mike Vernon, ein produsent ved Decca, hugsar debuten til Green med the Bluesbreakers:

«

Då bandet kom inn i studio såg eg ein forsterkar eg ikkje hadde sett før og sa til John Mayall: «Kvar er Eric Clapton?» Mayall svarte, «Han spelar ikkje med oss lenger, han slutta for nokre veker sidan.» Eg var i sjokk, men Mayall sa, «Ikkje uroa deg, me har nokon som er betre.» Eg sa, «Vent litt, det er latterleg. Du har nokon som er betre?? Enn Eric Clapton?? John sa, «Han er kanskje ikkje betre no, men berre vent, om eit par år vil han vere den beste. Så introduserte han meg for Peter Green».[17]

»

Green gjorde debuten sin i 1966 med the Bluesbreakers på albumet A Hard Road (1967),[18] der to av hans eigne songar var med, «The Same Way» og «The Supernatural». Sistnemnde var ein av dei første instrumentalane til Green, som snart vart varemerket hans. Han var så dugande at venene hans etter kort tid gav han kallenamnet «The Green God».[19]

I 1967 valde Green å starte sitt eige bluesband og slutta i the Bluesbreakers.[6]

Fleetwood Mac[endre | endre wikiteksten]

Peter Green, 18. mars 1970

Det nye bandet til Green, i lag med Bluesbreaker-medlemmet Mick Fleetwood på trommer og Jeremy Spencer på gitar, heitte opphavleg «Peter Green's Fleetwood Mac featuring Jeremy Spencer». Bob Brunning var ei kort stund med på bassgitar, men førstevalet til Green var Bluesbreakers-bassisten John McVie, som ikkje enno var klar til å bli med i bandet.[20] I løpet av ein månad spelte dei ved Windsor National Jazz and Blues Festival i august 1967 og fekk raskt kontrakt med Mike Vernon sitt Blue Horizon.[treng kjelde] Repertoaret deira bestod hovudsakleg av andre sine og deira eigne bluessongar, hovudsakleg skriven av Green, med somme songar av slidegitaristen Spencer. Den første singelen til bandet, «I Believe My Time Ain't Long» med «Rambling Pony» som B-side, nådde ikkje listene, men debutalbumet deira, 'Fleetwood Mac' slo stort igjennom, og låg inne på den britiske albumlista i over eitt år. I september 1967 hadde John McVie erstatta Brunning.

Sjølv om klassiske bluessongar utgjorde ein stor del av repertoaret til bandet i denne tida, blømde Green raskt som låtskrivar, og skrive mange originale songar frå 1968 og frametter. Songane som vart gjevne ut som singlar, syner korleis Green gradvis gjekk bort frå bluesrøtene til bandet og inn i nytt territorium. Det andre studioalbumet deira, Mr. Wonderful, kom ut i 1968 og fortsette i same stil som debutalbumet. Same året fekk Green ein hit med «Black Magic Woman» (som seinare vart ein enno større hit for Santana), etterflgd av gitarinstrumentalen «Albatross» (1969), som nådde toppen av den britiske singellista. Fleire hittar vart skrivne av Green, som «Oh Well», «Man of the World» (begge 1969) og den illevarslande «The Green Manalishi» (1970).[17] Dobbeltalbumet Blues Jam in Chicago (1969)[21] vart spelt inn i Chess Records Ter-Mar Studio i Chicago. Med Vernon og Marshall Chess bak spakane spelte dei der i lag med somme av dei amerikanske bluesheltane sine, som Otis Spann, Big Walter Horton, Willie Dixon, J.T. Brown og Buddy Guy.

I 1969, etter å ha signert for Immediate Records for ein singel (før selskapet gjekk dunken), signerte gruppa med Warner Bros. Records sitt Reprise Records og spelte inn det fjerde studioalbumet sitt, Then Play On, der den nye tredjegitaristen til bandet, Danny Kirwan, fekk stor plass. Green hadde først sett Kirwan i 1967, då han spelte i bluestrioen sin Boilerhouse, med Trevor Stevens på bass og Dave Terrey på trommer.[22] Green var imponert av Kirwan og brukte bandet som oppvarming for Fleetwood Mac, før han inviterte Kirwan med i bandet. Spencer, som deltok særs lite på Then Play On, nekta å spele Green sine originale songar.

Frå og med den melankolske teksten på «Man of the World», byrja bandkollegaene til Green å merke ei endring i tankesettet til Green. Han byrja å ta store dosar med LSD, fekk skjegg og byrja å gå med kapper og eit krusifiks. Mick Fleetwood hugsar at Green byrja å bli uroa over rikdomen til bandet: «Eg hadde samtalar med Peter Green på den tida og han var besett av at me ikkje skulle ha pengar, og ønskte å gje alt bort. Og eg sa, 'Vel du kan gjere det, men eg gjer det ikkje, og eg er ikkje ein dårleg mann av den grunn».[17]

Medan dei var på turné i Europa seint i mars 1970, heiv Green innpå LSD på ein fest i eit felleskap i München, noko Fleetwood Mac-manageren Clifford Davis meinte var vendepunktet i den mentale tilstanden hans.[23] Rainer Langhans frå felleskapet skriv i sjølvbiografien sin at han og Uschi Obermaier møtte Green i München, der dei inviterte han til sin Highfisch-Kommune. Det dei eigentleg ønskte var å overtyde Green om å få Jimi Hendrix og The Rolling Stones til å delta på ein Woodstock-aktig festival i Bayern. Scenearbeidaren Dinky Dawson hugsa at Green gjekk til festen med ein annan scenearbeidar, Dennis Keane, og at då Keane kom attende til hotellet til bandet forklarte han at Green ikkje ville kome heim att. Keane, Dawson og Mick Fleetwood drog så til festen for å hente Green.[24] Green på si side har gode minner av festen, der han jamma i lag med dei, då han snakka om dette i 2009: «Eg hadde ei fin tid det, det var flott, somme tok det opp på lydband og gav meg lydbandet. Det var mange som spelte med, eit par av oss som leikte oss, og det var det... ja det var flott.» Ha fortalte Jeremy Spencer på den tida at det «var den mest andelege musikken eg nokon gong har spelt inn nokon gong.» Etter ein siste konsert den 20. mai 1970, slutta Green i Fleetwood Mac.[25]

Etter Fleetwood Mac[endre | endre wikiteksten]

Seint i juni 1970 var Green med på Bath Festival of Blues and Progressive Music med John Mayall, Rod Mayall (orgel) og Larry Taylor (bass). Same året spelte han inn ein jam kalla The End of the Game. I 1971 hadde han ei kort stund saman att med Fleetwood Mac, der han spelte i USA med dei etter at gitaristen Jeremy Spencer hadde slutta i gruppa, under pseudonymet Peter Blue.[26] Han spelte inn to spor for albumet Juju med Bobby Tench-bandet Gass;[27] ein solosingel og ein annan song med Nigel Watson, innspelingar med B.B. King i London i 1972 og som gjest på Fleetwood Mac-albumet Penguin i 1973, på songen «Night Watch». Den mentale tilstanden og dopmisbruket til Green hadde vorte verre i denne tida og han spelte mindre og mindre musikk.[17]

Dei siste åra har det var vore rykte om ei gjenforeining av det originale Fleetwood Mac, med Peter Green og Jeremy Spencer. Dei to gitaristane og vokalistane har derimot ikkje så langt vore overtydd,[28] medan både John McVie og Mick Fleetwood har vore open for ideen.[29]

Sjukdom og første comeback[endre | endre wikiteksten]

Green fekk etter kvart diagnosen schizofreni og var ei stund på psykiatrisk sjukehus der han fekk elektrosjokkbehandling midt i 1970-åra. Mange kjelder omtalar han som apatisk og i ein transeliknande tilstand i denne perioden.[30] I 1977 vart han arrestert for å ha truga rekneskapsføraren sin Clifford Davis med ei hagle. Omstende kring dette har vore tema for mange spekulasjonar, og den mest populære er at Green ønskte at Davis skulle stoppe å sende pengar til han. I ein dokumentar på BBC i 2011 kalla «Peter Green: Man Of The World»,[31] sa han at han hadde nettopp kome frå Canada, trengde pengar og at han under ein telefonsamtale med rekneskapsføraren indikerte at han hadde teke med eg eit gevær heim frå reisa si. Rekneskapsføraren ringde så politiet som kringsette huset til Green.[32] Etter denne hendinga vart han send til ein psykiatrisk institusjon i London.

Green den 30. mai 1983.

I 1979 byrja Green så smått å spele musikk igjen. Med hjelp av broren Michael fekk han kontrakt med Peter Vernon-Kell sitt PVK. Han spelte, utan å vere nemnt på omslaget, på det doble Fleetwood Mac-albumet Tusk, på songen «Brown Eyes», som kom ut same året.

I 1981 medverka han på «Rattlesnake Shake» og «Super Brains» på Mick Fleetwood sitt soloalbum The Visitor. Han spelte på fleire innspelingar med mange forskjellige musikarar, som Katmandu på albumet A Case for the Blues med Ray Dorset frå Mungo Jerry, Vincent Crane frå The Crazy World of Arthur Brown og Len Surtees frå The Nashville Teens. trass i forsøk frå Gibson Guitar Corporation om å få laga ein «Peter Green signatur Les Paul»-gitar, valde Green på denne tida å spele på ein Gibson Howard Roberts Fusion.[33] I 1986 medverka Peter og broren Mickey på albumet A Touch of Sunburn av Lawrie 'The Raven' Gaines (under gruppenamnet 'The Enemy Within').[34] Dette albumet er gjeve ut fleire gonger seinare som «Post Modern Blues» og «Peter Green and Mick Green – Two Greens Make a Blues».

Peter Green Splinter Group[endre | endre wikiteksten]

Green skipa Peter Green Splinter Group seint i 1990-åra, med hjelp av Nigel Watson og Cozy Powell. The Splinter Group gav ut ni album mellom 1997 og 2004.

Tidleg i 2004 vart ein turné avlyst og innspelinga av eit nytt studioalbum stoppa, då Green slutta i bandet og flytta til Sverige.[35] Kort tid etter vart han med i The British Blues All Stars for ein turné som skulle gå året etter. Men turneen vart avlyst då saksofonisten Dick Heckstall-Smith døydde. På den tida sa Green at medisinen han tok for å behandle dei psykologiske problema hans gjorde det vanskeleg for han å konsentrere seg og gav han lite lyst til å spele gitar.

I februar 2009 byrja han å spele og turnere att, denne gongen som Peter Green and Friends. I mai 2009 var han tema i ein BBC Four-dokumentar kalla «Peter Green: Man of the World», produsert av Henry Hadaway. Green og bandet turnerte så i Irland, Tyskland og England. Dei spelte fleire konsertar i Australia i mars 2010.. Bandet var oppvarmingsband for songar-låtskrivaren Garron Frith i Storbritannia i mai 2010.

Spelestil og låtskriving[endre | endre wikiteksten]

Green har blitt hylla for den svingande shuffle-grooven og sjelfulle fraseringane og nytta ofte moll i ein mørkare blues.[6] Den markante tonen hans kan høyrast på «The Super-Natural», ein instrumental skriven av Green for John Mayall and the Bluesbreakers-albumet A Hard Road i 1967. Denne songen syner korleis Green kontrollerer harmonisk feedback.[6] Lyden er karakteristisk med ein skjelvande vibrato, klåre, avkutta tonar og ei rekkje ti sekundar lange notar. Desse tonane fekk Green ved å kontrollere feedback på ein Les Paul-gitar.[13] Det kanskje beste døme på den sparsommelege stilen til Green - i lag med den utstøkte tonen, finn ein på John Mayall-innspelinga av Elmore James-klassikaren «It Hurts Me Too».

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Mange rockegitaristar har omtalt Peter Green som ei inspirasjonskjelde, særleg Gary Moore,[36] Aerosmith-gitaristen Joe Perry,[37] Steve Hackett og Wishbone Ash-gitaristen Andy Powell.[38] Green var valet til The Black Crowes-gitaristen Rich Robinson i Guitar World-artikkelen «30 on 30: The Greatest Guitarists Picked by the Greatest Guitarists» (2010). I den same artikkelen sa Robinson om Jimmy Page, som the Crowes turnerte med: «...han fortalte oss så mange Peter Green-historiar. Det var klårt at Jimmy elskar talentet til den mannen».[9]

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Green vart fødd i ein jødisk familie,[39] som den yngste av Joe og Ann Greenbaum sine fire born. Broren Michael lærte han dei første gitarakkordane og då han var elleve år gammal lærte Peter resten sjølv.

I periodane med sjukdom i 1970- og 1980-åra flytta han inn til den eldste broren Len og kona Gloria, og mora si, i huset deira i Great Yarmouth.[17][40]

Han gifta seg med Jane Samuels i januar 1978, men paret skilde seg alt i 1979. Dei har ei dotter i lag, Rosebud Samuels-Greenbaum (f. 1978).[41]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Peter Green». Henta 9 January 2010. 
  2. «Ma Kelly's Greasy Spoon - Status Quo». 
  3. «Midge Ure delights fans with Airdrie show». Daily Record (Scotland). 27 March 2013. Henta 3 October 2014. 
  4. «Readers' Poll: The 10 Best Fleetwood Mac Songs. No. 7. Oh Well". Rolling Stone. Retrieved 29 October 2014
  5. «The Tragic Tale of the Green God « Media Wah Wah». Mediawahwah.com. Arkivert frå originalen 21. mars 2012. Henta 3. mai 2015. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 Marshall, Wolf (September 2007). «Peter Green: The Blues of Greeny». Vintage gitar magazine 21 (11): 96–100.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  7. «Fleetwood Mac, Peter Green, The Band,The Music, The Legacy». Henta 3. mai 2015. 
  8. 8,0 8,1 «15 Iconic Les Paul Players». Henta 3. mai 2015. 
  9. 9,0 9,1 «gitar World: 30 on 30: The Greatest gitarists Picked by the Greatest gitarists». www.guitarworld.com. Henta 3. mai 2015. 
  10. «Thirty Great gitarists – Including Steve Vai, David Gilmour and Eddie Van Halen – Pick the Greatest gitarists of All Time». www.guitarworld.com. Henta 3. mai 2015. 
  11. Bacon, Tony. Electric Guitars: The Illustrated Encyclopedia. Portable. s. 124. ISBN 1-57145-281-8. 
  12. «38: Peter Green». The 100 Greatest Guitarist of All Time. Rolling Stone. Arkivert frå originalen 19. juli 2012. Henta 11 February 2012. 
  13. 13,0 13,1 Blackett, Matt (October 2004). «The 50 Greatest Tones of All Time». Guitar Player 38 (10): 44–66.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  14. «100 Greatest gitarists of All Time». Mojo (031). June 1996. 
  15. «Mojo – 100 Greatest gitarists of All Time». rocklistmusic.co.uk. Henta 3. mai 2015. 
  16. Eder, Bruce. «Pater B's Looners». allmusic.com. Henta 3. mai 2015. 
  17. 17,0 17,1 17,2 17,3 17,4 17,5 «Peter Green Biography». Fmlegacy.com. Henta 3. mai 2015. 
  18. «John Mayall A Hard Road». discogs.com. Henta 13. mai 2015. 
  19. «Peter Green: The Green God with the Holy Grail Guitar». Boles Blues. 3 October 2010. Henta 3. mai 2015. 
  20. "Bassplayer (05/06/1995), A life with Fleetwood Mac – John McVie Arkivert 2010-09-24 ved Wayback Machine.", Blue Letter Archives. URL last accessed 20 February 2007
  21. «Fleetwood Mac Samlealbum». allmusic.com. Henta 3. mai 2015. 
  22. Rawlings, Terry (2002). Then, now and rare British Beat 1960–1969. Omnibus Press. s. 77. ISBN 0711990948. 
  23. John McVie – «Peter Green: Man of the World", BBC TV, 2009
  24. Dawson, Dinky & Alan, Carter, «Life on the Road", Billboard, 1998, pp. 131–132.
  25. "Peter Green: Man of the World", BBC TV, 2009
  26. SPL 1046 Stony Plain records LP «White Skies» 1981 liner notes
  27. Larkin, Colin. The Guinness Encyclopedia of Popular Music. Guinness. s. 947. ISBN 1-56159-176-9. 
  28. Wasserzieher, Bill (October 2006). «The Return of Jeremy Spencer». Blues Revue. Arkivert frå originalen 20. februar 2008. Henta 3. mai 2015. 
  29. «The Penguin Q&A Sessions: John McVie Q&A Session, Part 2». The Penguin. January 2006. Henta 3. mai 2015. 
  30. Celmins, Martin. Peter Green: Founder of Fleetwood Mac. Castle. s. 143. ISBN 1-898141-13-4. 
  31. «BBC4 Peter Green: Man of the world». bbc.co.uk. 6 February 2011. Henta 3. mai 2015. 
  32. Celmins, Martin. Peter Green: Founder of Fleetwood Mac. Castle. s. 145. ISBN 1-898141-13-4. 
  33. «1996 Gibson Howard Roberts Fusion». archtop.com. Arkivert frå originalen 23. februar 2010. Henta 3. mai 2015. 
  34. Green, Peter. «The Penguin Q&A Sessions». FleetwoodMac.Net. Arkivert frå originalen 30. september 2014. Henta 3. mai 2015. 
  35. «Rock Legend Told to Ditch his Band». The Mail on Sunday (03/28/04). Arkivert frå originalen 20. juli 2011. Henta 3. mai 2015. 
  36. «Gary Moore Biography». watchmojo.com. Henta 3. mai 2015. [daud lenkje]
  37. «Joe Perry Biography». monstersandcritics.com. Arkivert frå originalen 16. april 2010. Henta 3. mai 2015. 
  38. «Classic Rock Magazine: Andy Powell Interview». classicrockmagazine.com. Henta 3. mai 2015. 
  39. «Peter Green – The Sixties Remembered – Sixties Music». Loti.com. Henta 3. mai 2015. 
  40. Celmins, Martin. Peter Green: Founder of Fleetwood Mac. Castle. s. 169. ISBN 1-898141-13-4. 
  41. «Peter Green». Henta 3 September 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]