Peter Høeg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Høeg

Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 17. mai 1957 (66 år)
København
Yrke skribent
Språk dansk
Peter Høeg på Commons

Peter Høeg (fødd 17. mai 1957) er ein dansk forfattar, som vart verdskjend med romanen Frøken Smillas fornemmelse for sne (1992).

Liv og forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Høeg er oppvaksen i København, kor han i 1984 vart ferdigutdanna som mag. art. i litteraturvitskap. Etter ein omflakkande periode som m.a. globetrotter, idrettslærar og dansar debuterte Høeg i 1988 med Forestilling om det tyvende århundretRosinante forlag. Romanen, som er ein sterkt fabulerande slektskrønike, ber tydelege spor av søramerikansk magisk realisme og tiltrekte seg relativt stor merksemd allereie ved utgjevinga. I 1990 kom Fortællinger om natten ut, 9 noveller med tematisk samanheng, og med denne utgjevinga vart Høeg snart omtalt som eit forfattartalent med internasjonalt potensiale. Det endelege nybrottet lot ikkje venta på seg.

I 1992 kom kriminalromanen Frøken Smillas fornemmelse for sne ut, eit portrett av den dansk-grønlandske glasiologen Smilla. Romanen sementerer Høegs føretrekte tema og understrekar sympatiane i forfattarskapen for det kvinnelege prinsippet, for barnet og dei marginaliserte, samtidig som han byr på ein god del kritikk av den vestlege sivilisasjon sin imperialisme og vitskapen sin maktmisbruk.

Høeg vart rost til skyane for sin store fortellerevne, sin språklege evne og selde no uhøyrt mange bøker samanlikna med danske standardar, men særleg med utgjevinga av De måske egnede (1993) begynte kritikken å dukka opp. Omtalarar anklaga Høegs forfattarskap for politisk korrektheit, føreseieleg sivilisasjonskritikk og lettkjøpt frelstheit[treng kjelde]. Med nærskyld sivilisasjonskritisk tematikk kunne romanen Kvinnen og aben (1996) alt anna enn retta opp i dette, samtidig som stiftinga av fondet Lolwe til støtte for kvinner og born i Den tredje verda ikkje just fekk kritikken til å tagna. Etter Kvinnen og aben lot forfattaren ikkje høyra meir frå seg utanom eit enkelt, personleg dikt med tittelen Første og siste kapitel i antologien Trykt - og godt (1998) til Høegs forleggar og nære ven, Merethe Riis. I staden trekte Høeg seg heilt tilbake frå det offentlege rampelyset. I ei årrekke budde han ved Vekstsenteret i Nørre Snede, eit spirituelt treningssenter med undervisning i meditativ praksis og sjølvutvikling.[1]

Trass kritikken vert forfattarskapen hans endå stadig rekna for vesentleg, og noko tyder på at det møter fornya interesse[treng kjelde]. Såleis kom forfattarskapsportrett Apa si poetikk ut våren 2005, ein kronologisk litteraturvitskapleg kritikk av Høegs tekstar. Sjølv gav forfattaren, etter 10 års skjønnlitterær tagnad, ut romanen Den stille jenta i mai 2006.

I 2010 gav Peter Høeg ut romanen Elefantpassernes børn.

Nærframtidsromanen Effekten av Susan (2014) trekker, med sin bruk av ei sterk kvinne med spesielle evnar som hovudfigur, linjer tilbake til 'Smilla'.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Peter Høeg har teke i mot mange litterære prisar, mellom dei:

Filmatisering[endre | endre wikiteksten]

I 1997 filmatiserte Bille August Frøken Smillas fornemmelse for sne. Filmen vart ein fiasko, både i omtalene og i salstala[treng kjelde].

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.