Peter Heine Nielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peter Heine Nielsen ved Corus sjakkturnering i 2005

Peter Heine Nielsen (fødd 24. mai 1973) i Holstebro er ein dansk sjakkspelar, stormeister i sjakk. Han har dei siste år vore den sterkaste sjakkspelaren i Danmark, framom Curt Hansen. 1. oktober 2005 hadde han ein Elo-rating på 2668, som då var det høgaste nokon nordisk spelar hadde hatt.

Peter Heine Nielsen fekk eit gjennombrot som sjakkspelar i VM for spelarar under 18 år i 1990, der han klarte ein tredjeplass etter Sergej Tiviakov og Vladimir Kramnik. Året etter klarte han som 17-åring ein delt førsteplass (saman med Erling Mortensen som vann samla) ved danmarksmeisterskapen i sjakk i 1991, bl.a. med siger over Bent Larsen.

Han blei stormeister i sjakk i 1994 og er 5-dobbelt danmarksmeister i sjakk, 1996, 1999, 2001, 2003 og 2008. Blant dei beste resultata hans kan nemnast sjakk-OL (lag-VM i sjakk) i 1994 i Moskva, der han med 7 poeng på 9 parti fekk nest beste resultat. Han blei nordisk meister i sjakk for 2009.

Peter Heine Nielsen har i fleire år vore trenar, sekundant og sparringspartnar for verdsmeisteren Viswanathan Anand og for Magnus Carlsen.

Peter Heine Nielsen bor i Århus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]