Peter Holst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Holst

Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. desember 1843
Trondheim
Død

9. januar 1908 (64 år)
Gjøvik kommune

Yrke Offiser
Språk norsk
Verv Forsvarsminister i Noreg
Periode 1891–1893, 1898–1900
Etterfylgjar Wilhelm Olssøn, Georg Stang
Verv Stortingsrepresentant
Periode 1886–1891, 1895–1900
Politisk parti Venstre
Far Wilhelm Christian Holst
Peter Holst på Commons

Peter Theodor Holst (7. desember 18439. januar 1908) var ein norsk offiser, embetsmann og Venstre-politikar. Han var forsvarsminister i Steen-regjeringane 1891-93 og 1898-1900,

Holst var fødd i Trondheim, far hans var offiser. Sjølv vart han sekondløytnant i kavaleribrigaden i 1863. Han steig i gradane til premierløytnant 1869 og rittmeister 1881. Oberstløytnant i kavaleriet i 1893, generalmajor i 1899.

Åra 1870-89 var Holst gardbrukar i Verdal, 1889-91 dreiv han ein gard i Levanger herad. 1887-91 var han vegmeister i Nord-Trøndelag. Holst var ordførar i Verdal 1882-89 og forlikskommissær 1884-89. Han var formann i fylkeslandbruksselskapet og formann i tilsynskomiteen for Meråkerbanen.

Holst sat fire valperiodar på Stortinget, innvald frå Nordre Trondhjems amt. Han var medlem av miltærkomiteen 1889-90, formann i same 1891 og 1895-97.

Frå mars 1891 og i to år framover var Holst forsvarsminister i Johannes Steen si fyrste regjering. Han var forsvarsminister på ny i Steen si andre regjering frå februar 1898. Han gjekk ut av statrådet hausten 1900.

Holst var amtmann i Kristians amt frå han gjekk ut av regjeringa. Han flytta amtmannskontoret frå Lillehammer til Gjøvik. Holst styrte amtmannsembetet til han døydde brått i Gjøvik i 1908.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]