Peter Jenner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peter Jenner (2013)

Peter Jenner (fødd 1943) er ein britisk musikkmanager og plateprodusent. Jenner, Andrew King og Pink Floyd var partnarar i Blackhill Enterprises.

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha teke økonomiutdanning frå Cambridge University vart den 21 år gamle Jenner forelesar ved London School of Economics. Etter fire år forlet han jobben for å styre det då lovande bandet Pink Floyd. Jenner sette opp fleire gratiskonsertar i Hyde Park i London, som i 1969 inkluderte ein konsert av The Rolling Stones.[1]

Managementkarriere[endre | endre wikiteksten]

Jenner har vore manager for Pink Floyd, T Rex, Ian Dury, Roy Harper, The Clash, The Disposable Heroes of Hiphoprisy, Robyn Hitchcock, Baaba Maal og Eddi Reader (Fairground Attraction). Jenner har òg vore manager for Billy Bragg i meir enn 15 år.[2]

Pink Floyd[endre | endre wikiteksten]

Pink Floyd, som då var eit ukjend band, starta å få betalt for spelejobbar, mellom anna på Marquee Club i mars 1966 der dei vart sett av Jenner. Bandet spelte då hovudsakleg rhythm and blues-songar, men Jenner var imponert over dei rare lydeffektane som Barrett og Wright skapte under konsertane.[3] Jenner traced Waters og Mason to their flat,[4] og i lag med føretakspartnaren og venen Andrew King vart dei managerane deira. Sjølv om paret hadde liten erfaring med musikkindustrien, likte dei begge musikk og hadde vore vener sidan barndomen. Ved hjelp av pengar dei hadde arva, starta dei Blackhill Enterprises og kjøpte nye instrument til bandet, samt utstyr som omfatta eit PA-system frå Selmer.[5] Med råd frå Jenner og King, starta Pink Floyd å spele i undergrunnsmiljøet i London, mellom anna på London Free School i Notting Hill. Dei mange kontaktane til Jenner og King kom til god nytte og bandet fekk omtale i både The Financial Times og The Sunday Times.[6] Ein kan høyre stemma til Jenner i starten av songen «Astronomy Domine», som er opningssporet på debualbumet deira, The Piper at the Gates of Dawn frå 1967.[7]

Jenner og King danna i lag med Pink Floyd ein partnarskap kalla Blackhill Enterprises.[8] Etter Syd Barrett forlet Pink Floyd i 1968 braut Jenner og King med Pink Floyd og heldt fram som managerar for andre britiske rockeband.[9]

Sincere Management[endre | endre wikiteksten]

Etter at Blackhill Enterprises vart oppløyst tidleg i 1980-åra, starta Jenner og kona hans Sumi Sincere Management som var managerar for mange artistar, som Billy Bragg, Eddi Reader, Robyn Hitchcock, The Unbending Trees og Outside Royalty.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Musictank speakers biographies
  2. Musictank speakers biographies
  3. Mason, Nick (2005), Philip Dodd, ed., Inside Out - A Personal History of Pink Floyd (Paperback utg.), Phoenix, s. 33–37, ISBN 0753819066 
  4. Schaffner, Nicholas (1991), Saucerful of Secrets (1 utg.), London : Sidgwick & Jackson, s. 17, ISBN 0283061278 
  5. Schaffner, Nicholas (1991), Saucerful of Secrets (1 utg.), London : Sidgwick & Jackson, s. 32–33, ISBN 0283061278 
  6. Mason, Nick (2005), Philip Dodd, ed., Inside Out - A Personal History of Pink Floyd (Paperback utg.), Phoenix, s. 52–53, ISBN 0753819066 
  7. Pink Floyd who is who
  8. Mabbett, Andy (2010), Pink Floyd - The Music og the Mystery, London: Omnibus,, ISBN 9781849383707 
  9. Pink Floyd who is who
  10. Sumi Jenner

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Peter Jenner