Peter Lacy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peter Lacy.

Peter Lacy (fødd 26. september 1678 ved Limerick i Irland, død 19. april 1751 i Riga), òg kjent som Peter von Lacy eller Pjotr Petrovitsj Lassi, var ein irsk-russisk offiser frå Limerick i Irland, og seinare general og adelsmann i teneste hos tsaren i Russland. Han var formelt guvernør for det russiske Guvernementet Livland 1727-1751.[1]

Han var ei stund i Frankrike frå oktober 1691, men forlét solkeisardømet til Ludvig XIV til fordel for militær teneste i Austerrike. Under austerriksk teneste i Russland frå 1697, med slaget ved Narva og feltoperasjonar i Livland, vart han skadd under den store nordiske krigen mot Sverige og forfremma til oberst. Året etter leia han ein brigade mot svenskane i slaget ved Poltava, og tok teneste hos prins Anikita Repnin, som var guvernør i Livland. Lacy var blant dei første som inntok Riga, og vart i 1712 kommandør på borga i byen. I 1719 var han med marinestyrken til Fjodor Apraksin, og gjekk i land og øydela svenske våpenarsenal og -fabrikkar ved Umeå.

I 1726 vart Lacy øvstkommanderande i Livland etter Repnin, og tre år seinare guvernør i provinsen. Her vart han kjent med grevinna av Kurland, den seinare tsarina Anna av Russland, som gjorde Lacy til øvstkommanderande. Han sigra over polakkane i den polske arvefølgjekrigen i 1734, og han vart russisk øvstkommanderande i den russisken-tyrkiske krigen frå 1736. Etter sigeren over tyrkarane 1739 tok han igjen aktivt opp guvernørposten i Livland.

Peter Lacy var igjen øvstkommanderande under den russisk-svenske krigen (1741-1743), vann ein knusande siger over svenskane ved Villmanstrand i august 1741, og erobra i praksis heile det sørlege Finland året etterpå. Etter dette vart han verande aktiv guvernør og øvstkommanderande i Livland til han døydde i Riga 19. april 1751.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. A ja O Taskuteatmik Eesti, utgjeve av forlaget Eesti Entsüklopeediakirjastus, Tallinn 2007, side 127.