Peter Lax

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peter D. Lax.

Peter David Lax (fødd 1. mai 1925 i Budapest i Ungarn) er ein amerikansk matematikar, som har forska innan teoretiske matematiske emne og spesielt differensiallikningar, væskedynamikk og annan fysisk dynamikk. Han fekk Abelprisen i 2005 for arbeidet sitt med «teorien for partielle differensiallikningar, til bruk av slike likningar og til å berekne løysingane for slike likningar».

Han vert rekna som den mest allsidige matematikaren i sin generasjon.[1] Lax tok doktorgraden ved Courant Institute of Mathematical Sciences ved New York University i 1949, der han sjølv seinare var direktør frå 1972 til 1980. Ved Los Alamos Scientific Lab. deltok han på Manhattan-prosjektet i 1945 og 1946 og reiste attende til New York University i 1951, der han var professor frå 1958. Lax vert rekna som ein av dei største matematikarane i vår tid innan rein matematikk og bruksmatematikk.

Eit Lax-par er eit sett av tidfesta matriser som skildrar visse løysingar for differensiallikningar, og nyttast mykje i fysikken. Vidare blir Lax–Milgram-teoremet brukt til å nytte konsepta frå lineær algebra ved løysing av problem innan mellom anna partielle differensiallikningar.

Innan norsk oljeindustri og petroleumsutvikling har Lax-teoriane vore uhyre viktige for utviklinga av praktiske, matematiske modellar for olje- og gassreservoar. Teoriane hans blir brukt ved reservoar-simulering av oljefelta i Norskehavet, for å vurdere restproduksjon og utnyttingsgraden til oljeproduksjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Peter D. Lax. (2012-01-17) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Peter_D._Lax